Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2025

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Finansdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (rammeområdene 1, 6 og 18) (Innst. 16 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))

Innlegget

Oppfatta eg spørsmålet riktig – at ein ikkje la tilsvarande midlar på bordet som fylkeskommunen i dag driv med – så er i så fall den premissen feil, for Framstegspartiet vil leggja ned fylkeskommunen, og ved å leggja ned fylkestinget og sentraladministrasjonen frigjer ein i overkant av 4 mrd. kr. Framstegspartiet sitt kutt i samband med å leggja ned fylkeskommunen er langt mindre enn det, så det blir frigjort pengar til å styrkja kommunane med 500 mill. kr for å ta over ein del oppgåver, sånn at det blir meir pengar til veg, vidaregåande opplæring, tannhelse og fylkeskommunale oppgåver. Det blir mindre til byråkrati, mindre til politikarløningar i fylkeskommunen, men det blir meir til tenester, så premissen for spørsmålet frå Arbeidarpartiet er feil.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat