Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. des 2025

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg minner om at Framstegspartiet ikkje vann valet. Det er Senterpartiet som er ansvarleg for budsjetta, men ein vel å bruka tid på at me styrkjer eldreomsorga og ressurskrevjande tenester. Det er nettopp fordi me ser at det er folk som treng tenester i heile landet, og det skal ikkje vera kommuneøkonomien i den enkelte kommune som avgjer om ein får god eldreomsorg eller ikkje. Difor hadde me eit forsøk som var veldig vellukka. Dei kommunane som var med i forsøket, sa at dette var bra, for dei eldre fekk tenestene dei fortener. Me ønskjer at det skal vera likt med eldreomsorg som det er med andre tenester staten gjev, som arbeidsløysetrygd osv. Har ein behov, får ein dei pengane ein har krav på. Når det gjeld eldreomsorg, skal ein vera prisgjeven både kommuneøkonomien og prioriteringane til den enkelte kommune. Me synest ikkje det er ei verdig eldreomsorg. Me synest heller ikkje at ressurskrevjande tenester, som er ei veldig dyr ordning, skal veltast over på kommunane, sånn at ein skal oppleva at kommunane må kutta på andre ting viss ein tek imot sånne tenester. Difor vil me ha sterkare statleg styring, direkte til kvar enkelt innbyggjar i landet som treng dei tenestene dei har krav på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat