Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. des 2025

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakMøte tirsdag den 16. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Bustadpolitikken engasjerer breitt. Studentar slit med å finna rimelege bustader, eldre kvir seg for å flytta frå einebustaden, barnefamiliar strevar med å finne husvære som passar deira livssituasjon, og altfor mange står utan fast bustad. Samtidig ser me at byggjebransjen har mindre å gjera, handverkarar går utan oppdrag, og nyutdanna fagarbeidarar vel seg bort frå faget. Me har store behov for bustader i både byar og bygder, og kompetansen og ferdigregulerte tomter finst mange stader. I samtalar med bransjen går noko att: Bransjen er tydeleg på at renta er avgjerande for bustadbygginga. Dei framhevar òg noregspris og redusert elavgift som positive satsingar i tillegg til Husbanken sine rammer og eit betre og meir effektivt byråkrati. Arbeidarpartiet har teke og tek grep. For det første fører me ein økonomisk politikk for å halda prisnivået nede og slik bidra til at renta held seg låg og kan gå meir ned. Me har gjenreist Husbanken som eit kraftfullt bustadpolitisk verkemiddel. Med ei historisk låneramme på 34 mrd. kr – den høgaste nokon gong – sikrar me at fleire får moglegheit til å eiga sin eigen bustad, og at fleire bustader med god kvalitet vert bygde. Husbanken har fått utvida mandatet sitt og hjelper kommunane til å ta ei meir aktiv bustadpolitisk rolle. Me prioriterer startlånet, det viktigaste verkemiddelet for husstandar med varig låg inntekt. I tillegg har me sett av 2 mrd. kr til ei forsøksordning for unge og førstegongsetablerarar og 2,1 mrd. kr til studentbustader. Regjeringa har som mål å sikre bygging av 12 000 studentbustader dei neste fire åra. Dette vil både hjelpa studentane og avlasta presset på den private leigemarknaden. Me må òg gå kraftfullt til verks for at det skal verta enklare og raskare å byggja gode bustader. Difor styrkjer me Direktoratet for byggkvalitet med 30 mill. kr i 2026, for å forenkla, for å digitalisera og automatisera plan- og byggjesaksbehandlinga. Me har sett i gang arbeid med å forenkla byggjereglane, og saman med NHO Byggenæringen og KS har me utarbeidd ei tiltaksliste med 72 punkt som no vert vidareutvikla. Det er avgjerande at det vert enklare å byggja – det trur eg alle parti er einige om – skal me nå målet om å setja i gang bygging av 130 000 bustader innan 2030. Det handlar ikkje berre om å byggja meir – det handlar òg om å byggja betre. Gjennom den nye arkitekturstrategien, den første på 16 år, Rom for kvalitet, legg me vekt på varierte nabolag, gode omgjevnader og langsiktig ressursbruk. Me skal byggja i eit hundreårsperspektiv, med kvalitet som varer. Arbeidarpartiet i regjering legg til rette for bustadbygging. Difor må me òg sjå på produktiviteten i næringa. For å sikra framdrift har Forskingsrådet fått i oppdrag å kartleggja produktivitetsutviklinga, og me håpar å sjå tiltak allereie frå 2026. Kommunane spelar òg ei viktig rolle. Me styrkjer løyvingane til kommunane med ein historisk auke i frie midlar. Det gjev dei moglegheit til å ta ei meir aktiv rolle i bustadbygginga og bestilla oppdrag som held hjula i gang i krevjande tider. Når det blir «mørkt i stall og i låve» – (representanten syng den strofa) – treng og fortener me alle ein trygg stad å sova. Arbeidarpartiet har vist handlekraft. Me har gjenreist Husbanken, prioritert startlånet og sikra rekordhøg bygging av studentbustader. Me legg grunnlaget for at det kan byggjast raskare, og legg til rette for både kvalitet og betre produktivitet i bustadbygginga. Dette er politikk som gjev folk bustad, tryggleik og framtidstru – og som held byggjebransjen i arbeid.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat