Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. des 2025

Stig Even Lillestøl
Stig Even Lillestøl
Fremskrittspartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 17. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Tryggleik for landet og beredskap blir av regjeringa trekte fram som sentrale prioriteringar i deira ferske plan for Noreg. Då stussar eg over at den same regjeringa så ivrig går inn for å skrote Stad skipstunnel, som ville ha tryggja den farlegaste og mest vêrharde strekninga langs norskekysten. Forsvarleg og føreseieleg skipsfart er nemleg ikkje berre ei viktig interesse for næringslivet, men òg viktig for forsvarskapasiteten vår. Staten skal etter planen bruke over tusen milliardar kroner på infrastruktur det komande tiåret. Det skal også løyvast langt meir til forsvar framover. Likevel inngår visst ikkje dette viktige prosjektet for betre infrastruktur på Nordvestlandet i planane til regjeringa i det heile teke. Når ein gjev opp prosjektet etter å ha brukt fleire hundre millionar på å kome i gang, og lokale bebuarar har måtta flytte, går det ut over tilliten til det offentlege og evna vår til gjennomføre det arbeidet som har blitt begynt, spesielt når arbeidet blir avslutta før forhandlingane om pris for prosjektet er fullførte. På toppen av det heile skapar regjeringa eit uriktig inntrykk av at skipstunnelen skal bli dyrare enn han faktisk ligg an til, ved å rekne med momskostnader staten ville betalt tilbake til seg sjølv. Ikkje berre går vi glipp av potensielt hundrevis av arbeidsplassar ved å skrote prosjektet; aktørar i heile regionen har allereie arbeidd i lang tid med planar for tunnelen og tilrettelegging av næringsareal. Nærare heile næringslivet både nord og sør for Stad seier dei vil få stor nytte av tunnelen, og påstanden om at ingen kjem til å bruke han, har blitt tilbakevist av Kystrederiene, som seier at 80 pst av deira medlemer vil nytte seg av tunnelen. Stad skipstunnel vil binde Vestlandet tettare saman, skape nye bu- og arbeidsregionar og styrkje beredskapen langs kysten. Han kan òg bidra til å redusere utslepp og gje miljøgevinstar, eksempelvis ved å gjere det mogleg eller enklare å nytte elektriske fartøy. Skipstunnelen opnar for meir effektiv transport av folk og varer ved å redusere ventetider. Mindre fartøy tapar i dag verdiskaping ved å måtte liggje til kai, mens større fartøy må lenger ut på havet og ta omvegar. Det har ein verdi for lokalt næringsliv og renommeet deira at ein får gjort noko med det. Det kan òg nemnast at tunnelen ville levert ei reiselivsoppleving som er unik i global samanheng, og som ville hatt stor verdi for reiselivsnæringa. Arbeidarpartiet sine planar om å skrote Stad skipstunnel er det siste eksempelet i ei rekkje av prosjekt på Vestlandet som ryk ut av dei vedtekne prioriteringslistene. Då regjeringa i fjor la fram ny NTP, var plutseleg Vestlandet sine to høgast prioriterte vegprosjekt skrota. Hordfast blei nedprioritert, med for høg ressursbruk som forklaring. Kryssing av Romsdalsfjorden blei teke ut med same forklaring. Det er viktig å påpeike at Vestlandet ikkje har nokon store jernbaneprosjekt, som utgjer rundt halvparten av løyvingane til samferdsel. Når pengane heller ikkje kjem til veg eller kyst, har vi på Vestlandet all grunn til å vere skuffa over parti som har tyngdepunkt på Austlandet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat