Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. des 2025

Joakim Myklebost Tangen
Joakim Myklebost Tangen
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Utdanning må vere brua mellom skule og arbeidsliv. Og som i eventyret med dei tre bukkane Bruse kjem vi oss ikkje over brua med berre prat. Brua må faktisk vere bygd, og ho byggjer ikkje seg sjølv. Då treng vi folk som kan faget sitt. Mange bedrifter rundt om i landet har stor mangel på kompetent arbeidskraft, og vi må sørgje for at vi har eit system som utdannar nok folk til dei yrka det er stor etterspørsel etter kompetansen til. Framstegspartiet ser viktigheita av at tilbodet i utdanningssektoren matchar det som er næringslivets behov. Fagskulane tilbyr praktisk kompetanse som direkte bidreg til verdiskaping, spesielt innanfor tekniske og maritime næringar. Gode samarbeid med næringslivet gjennom praksisplassar kan sikre god relevans i utdanninga, der næringslivet er med på å forme utdanninga. Særleg viktig no er dei maritime faga sidan Forsvaret skal styrkjast i åra framover, og dei maritime faga har stort behov for kostbart og avansert utstyr. Dette gjeld alt frå simulatorar til avanserte maskinrom, som er heilt nødvendige for å sikre god opplæring på moderne utstyr, som dei kjem til å møte ute i arbeidslivet. Desse skulane må få sine reelle utgifter dekte. For å sikre at skulane kan gjere nødvendige investeringar i utstyr, føreslår Framstegspartiet å auke tilskotet til fagskular med 20 mill. kr for å sikre at dei faktisk blir tilstrekkeleg finansierte. Dagens finansieringsmodell og organisering gjev rom for ulik praktisering mellom dei ulike fylka. Dette er uheldig, då det skaper ulik praktisering, og det hemmar satsinga innanfor fagskulesektoren. Mange fylke er nøydde til å bruke sine frie midlar til å finansiere fagskuletilbodet og gjennomføre nødvendige investeringar i utstyr. Landet over opplever ein den pressa økonomien i fylka, og dei er nøydde til å spare på alle område i drifta. Dette fryktar vi kjem til å gå ut over tilbodet. Difor meiner vi at ansvaret og finansieringa ideelt sett burde bli tilbakeført til staten. Det er uansett essensielt at det blir sikra stabil, rettferdig og føreseieleg finansiering for heile fagskulesektoren. Fagskulane bør ha like moglegheiter til å tilby den kompetansen arbeidslivet etterspør, uavhengig av økonomien til fylkeskommunen. Heldigvis ser vi at mengda studentar på fagskulane har auka meir dei siste åra. Dette er i tråd med det arbeidslivet etterspør. Då må vi også som politikarar sørgje for at sektoren får økonomisk berekraftige rammevilkår. Framstegspartiet vil jobbe for å få på plass ein ambisiøs langtidsplan for utvikling av fagskulane. Ein rettferdig og føreseieleg finansieringsmodell og ei satsing på fagskulane vil bidra til auka vekst og ei styrking av norsk konkurransekraft.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat