Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 18. des 2025

SakMøte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10
Innlegget
Noreg skal byggjast, drivast og utviklast også i framtida. Då treng vi ikkje berre gode planar og ambisjonar. Vi treng faktisk folk som gjer jobben – folk som kan byggje, reparere, produsere, installere og vedlikehalde. Difor er yrkesfaga ikkje berre eit alternativ i utdanningspolitikken, men ein føresetnad. Det er svært gledeleg å sjå at stadig fleire ungdomar vel yrkesfag. I mitt eige fylke, Møre og Romsdal, ligg vi på topp. Der har heile 65 pst. av elevane søkt seg til yrkesfag. Dette viser at ungdomane ønskjer seg ein meir praktisk og relevant veg inn i arbeidslivet. Mange fylke står no i krevjande økonomiske situasjonar. Innsparingar fører til at skular blir føreslått lagde ned, særleg i distrikta og på skulane med låge elevtal. Nedlegging blir ofte presentert som einaste løysing. Framstegspartiet meiner nedlegging av skular er ei for enkel løysing på dette problemet, då behovet for utdanning ikkje er redusert sjølv om elevtalet går ned. Framstegspartiet vil i staden satse på fleksible og alternative opplæringsmodellar. I vårt alternative statsbudsjett sikrar vi 300 mill. kr til utvikling av og innkjøp til vidaregåande skular. Søkartala til yrkesfag kan variere veldig mykje frå år til år, noko som gjer det krevjande å planleggje tilbodet. Nettopp difor er samarbeid med næringslivet heilt avgjerande. Gjennom ulike bedriftsmodellar kan større delar av opplæringa skje i bedrift, noko som gjev elevane meir relevant kompetanse. Vi ser gode eksempel på dette i kommunar som f.eks. Steigen og Tingvoll, der ein har vore løysingsorientert for å gje elevane eit godt og variert utdanningstilbod, sjølv med små elevgrupper. Slike modellar gjer det òg mogleg å oppretthalde skular og utdanningstilbod lokalt, i staden for å sentralisere og leggje ned. Steigen-modellen er eit veldig godt eksempel på det. Her er elevane i bedrift frå første dag i vidaregåande opplæring, med ein tydeleg struktur som gjev ein trygg og glidande overgang frå skule til arbeidsliv. Framstegspartiet meiner vi må bli flinkare til å ta i bruk alternative opplæringsløp som bryt med det tradisjonelle. Meir praksis i bedrift, produksjonsbasert læring og fleksible løp gjev høgare motivasjon og betre gjennomføring. Næringslivet vårt vil vere heilt avhengig av fagarbeidarar i åra som kjem. Då er det viktig at vi anerkjenner verdien til yrkesfaga fullt ut. Eit meisterbrev er like mykje verdt som ein mastergrad. Skal vi sikre framtida, treng vi fleire oskeladdar – folk med praktisk sans som er løysingsorienterte og har evner til å få noko gjort.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat