Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Veit de – bortsett frå representantane frå denne komiteen – kva Alta Fjernvarme, Sandefjord Havnevesen, Hillevågstunet i Stavanger, Norsk Gjenvinning i Stavanger, Bioparken på Voss og Hydro Husnes har til felles? Dei har alle fått støtte og innovasjonsmidlar frå Enova, altså verkemiddel i ein aktiv nærings- og industripolitikk, som har gjort dei konkurransedyktige både i Noreg og internasjonalt. Dette er Arbeidarparti-politikk i praksis. Me stiller opp med fellesskapets verktøy for å få ned utslepp, skapa nye jobbar og sikra eksisterande industri. Bedriftene omstiller seg, både små og store, og gjer små og store tiltak for lokalsamfunna sine. Dei utnyttar ressursane betre, bruker energien smartare og kuttar utslepp. Det verkar. Kva trur presidenten hadde skjedd om Framstegspartiet sitt alternative budsjett hadde fått gjennomslag? Då hadde veldig mange av desse omstillingstiltaka aldri blitt noko av. Små og store prosjekt over heile landet ville blitt lagt ned før dei hadde fått starta. Det er konsekvensen av ein politikk som svekkjer Enova og innovasjonsordninga og ein aktiv stat som medverkar. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Politikken til FrP er som «long covid», han tek sakte, men sikkert livet av industrien vår, og han rammar særleg kysten og Vestlandet. FrP seier nei til kraft og nei til utvikling, men ja til avvikling. Arbeidarpartiet meiner noko anna. I vår plan for Noreg meiner me at klima- og industripolitikken skal gå hand i hand. Me meiner at omstillinga skal vera rettferdig, at folk skal ha eit arbeid å gå til, og at heile landet skal takast i bruk. Det skjer ikkje av seg sjølv. Det krev politiske val. Eg er glad for at me har trygg styring og ei regjering som ser heilskapen, som tek ansvar for framtida, og som byggjer nye næringar samtidig som me tek vare på dei me allereie har. Det krev tøffe val, og det kan vera krevjande å stå i. Då må det faktisk vera vaksne i rommet som tek ansvar, og det ansvaret er eg glad for at våre raud-grøne vener har teke saman med oss. «Når nettene blir lange, og kulda setter inn» skal me vera glade for at det er nokon som har styring på både straum, varme og økonomi. Då er det jammen bra at regjeringa har kome med noregspris, for då veit ein kva det kostar å koka pinnekjøtet – sjølv om VG skriv noko anna om straumprisen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
