Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. des 2025

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 18. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Endringa me behandlar i dag, handlar om å ta vare på noko av det mest verdifulle me har: naturen vår. Målet med endringa i naturmangfaldlova er å innføra eit forbod mot nye næringsmessige uttak av myr til torvproduksjon eller andre tekniske føremål. Kvifor er dette viktig? Våtmark og særleg myr er naturens eigen karbonbank. Den lagrar enorme mengder med karbon, bidreg til klimatilpassing og er heim for eit rikt naturmangfald. Når me øydelegg myr, f.eks. ved å ta ut torv, slepp me ut store mengder klimagassar. Me mistar natur, me mistar økosystem som flaumdemping, og me svekkjer naturen si evne til å hjelpa oss i møte med klimaendringane. Forbodet me no innfører, gjeld på nye uttak. Eksisterande torvuttak blir ikkje rørte. Det gjev næringa tid til å omstilla seg. Me veit at dette er ei næring med arbeidsplassar, og me skal ta ansvar for ei rettferdig omstilling. Difor legg me opp til ei gradvis nedtrapping, og me involverer næringa i arbeidet med å utvikla gode alternativ til torv. Det finst allereie erstatningsprodukt, og me skal styrkja forsking og innovasjon, sånn at gartnarnæringa får gode løysingar. Dette er ikkje berre norsk politikk, det er eit internasjonalt ansvar. FNs klimapanel og naturpanel har understreka at ivaretakinga av myr er avgjerande for klima- og naturmangfald. Noreg må òg ta sin del av ansvaret. Eg vil understreka at restaurering av tidlegare torvuttak er viktig. Viss ikkje grøfter blir tetta, fortset utsleppa. Difor må me kombinera forbod med tiltak for restaurering, sånn at myrane igjen kan bli netto karbonlager. Dette er eit viktig skritt for å redusera klimagassutslepp, ta vare på naturen og sikra framtidige generasjonar. Det krev ansvar og vilje til å ta tøffe val. Arbeidarpartiet står for trygg styring. Me ser heilskap, og me tek ansvar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat