Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
På ein valplakat i Bergen for om lag 15 år sidan var det bilde av ei bustete, men blid dame med namnet Oddny Miljeteig. På den plakaten stod det: Skatt er sivilisasjon. Det er heilt riktig, for skatt er avgjerande for sivilisasjonen, for velferdsstaten vår og for at vi har pengar til å gje alle helsehjelp, utdanning og barnehageplass. Skatt er også avgjerande for omfordeling, ikkje berre av pengar, men også av makt, frå dei som har mest, til dei som har minst. Denne veka kunne vi lese at 0,001 pst. av befolkninga i verda kontrollerer tre gonger så mykje rikdom som heile den nedste halvdelen av menneskeslekta. Også i Noreg aukar ulikskapen urovekkjande. Skattelistene viser at norske formuar skyt i vêret. Samla formue blant dei 400 rikaste har no auka til over 2 000 mrd. kr. Den rikaste prosenten eig rundt ein tredjedel av all formue. Samtidig melder matsentralane om mangel på julemat, lange køar og stort behov. I Noreg ser vi at dei aller rikaste kjøper seg makt og politisk påverknad gjennom annonsekampanjar og desinformasjon. USA blir styrt av ein president med forakt for demokratiet og eit oligarki med dei tre rikaste mennene i verda. Pengar er makt, og når pengane blir samla på færre hender, er det ein reell trussel for demokratiet. Difor treng vi eit omfordelande skattesystem som reduserer den økonomiske ulikskapen. Skatteinntektene er det som betaler for dei flotte tilsette i barnehagen, kreftbehandling og helsefagarbeidarar på eldresenteret, og dette treng vi meir av. Difor omfordeler SV i sitt alternative statsbudsjett betydelege midlar frå dei som har mest, og skattlegg næringar som går godt, slik som bankane og oppdrettsnæringa, og gjev til kommunar og velferda vår, gjennom auka barnetrygd og pensjon. Med SVs skatteopplegg får fire av fem mindre skatt, mens dei som har mest, må betale meir. Hadde SVs alternative budsjett blitt vedteke, kunne ein barnefamilie sitje igjen med 63 000 kr, og hadde vi fått gjennomslag, ville kommunane og fylkeskommunane ha auka inntektene sine med 16 mrd. kr. Det viser at det er fullt mogleg å omfordele meir, om det er vilje til det. I statsbudsjettet som no blir vedteke, er vi glade for at vi får auka personfrådraget og auka inntektsskatten for dei med dei høgaste inntektene, og at vi utset utfasing av elbilfordelane. Vi er likevel aller mest glade for at statsbudsjettet ikkje blir vedteke av høgresida i denne salen, for då ville dei aller rikaste i Noreg ha fått enorme skattelettar, vi hadde hatt mindre å drive velferd for, og rekninga ville ha blitt sendt til dei som har minst.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
