Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. des 2025

Harry Valderhaug
Harry Valderhaug
Kristelig Folkeparti·Møre og Romsdal

SakMøte fredag den 19. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Eg trur eg først vil takke for eit godt samarbeid i næringskomiteen, godt leia av representanten Rune Støstad. Som fersk stortingsrepresentant er det godt å kome inn i eit slikt klima. Så til temaet i dag: Verdiskapinga er grunnlaget for velferda vår. Oppgåva til politikarane er å leggje til rette for gode og føreseielege rammer både for å oppretthalde og for å styrkje verdiskapinga i landet vårt. Det er eit stort behov for ei styrking av næringspolitikken. Skattlegginga av norske eigarar og bedrifter har auka betydeleg dei siste åra. Under regjeringa Støre har Noreg fått nye skattar, midlertidige skattar og skattar med tilbakeverkande kraft. Gründerar vel vekk Noreg, og bedriftseigarar med langt over 50 mrd. kr i formue har forlate landet vårt. Det ser ikkje lyst ut om dette fortset i same spor. Vi i KrF vil ta med oss dette inn i skattekommisjonen, som skal starte eit arbeid og forhåpentlegvis kanskje sjå på dette. Eit lyspunkt kan sjølvsagt vere å høyre Jakob Sandes song «Det lyser i stille grender». Med fem ord frå Jakob Sande har eg i grunnen sagt det som har særprega det norske samfunnet gjennom generasjonar – eit samfunn som vert bygd nedanfrå, av bedrifter, bønder, fiskarar og frivillige over heile landet, og som held lys i husa, fabrikken og bygda. I generasjonar har små og store bedrifter vore berebjelkar i samfunnet. Dei bidreg til fellesskap gjennom inntekter, verdiskaping, sysselsetjing og investeringar i lokalsamfunn. Norsk og lokalt eigarskap har vore ein viktig faktor for den utviklinga vi har hatt så langt. Kristeleg Folkeparti ønskjer å ta vare på dette vidare. Vi ønskjer å jobbe med dette. Vi ønskjer å byggje samfunnet på verdiar – å skape verdiar. Vi ønskjer meir satsing på entreprenørskap, innovasjon og vekst i næringslivet, og vi ønskjer betre vilkår for gründerar, som skapar framtidige arbeidsplassar. Det er avgrensa kor lenge norske eigarar kan tappe bedriftene sine for kapital for å finansiere formuesskatt. Det er midlar som trengst til å utvikle bedrifta, sikre arbeidsplassane til folk og halde lys i fabrikkar, grender, byar og lokalsamfunn. For oppstartsbedrifter vert denne skattlegginga ekstra ille. Det medfører at mange små sel aksjar, og då gjerne til utanlandske eigarar, for å betale formuesskatt på verdiar som normalt ikkje er likvide midlar. At formuesskatten for norske eigarar favoriserer utanlandske eigarar, burde eigentleg vere eit sjølvstendig argument for å fjerne den særnorske skattlegginga. Norsk fiskeri- og havbruksnæring har, saman med landbruket, vore viktig for landet vårt gjennom generasjonar. Dette må vi halde høgt og ta godt vare på. Landbruksnæringa er viktig for bl.a. sjølvforsyning og beredskap i heile landet vårt. Sjømatnæringa har stor betyding for lokalsamfunna langs kysten og for velferd og er ein viktig verdiskapar og ei eksportnæring. Sjømatnæringa eksporterer til 150 nasjonar og er den nest største eksportnæringa i landet vårt. Fiskerinæringa fangstar og forvaltar fiskeriressursar i verdsklasse, mat med eit særs lågt CO2-avtrykk. KrF vil fjerne den særnorske CO2-avgifta frå fiskeflåten. Følgjene av den særnorske avgifta kan verte store tap for verdikjeda rundt fiskeflåten og nedlegging av viktige arbeidsplassar i Noreg. I dei urolege og usikre tidene vi lever i, kan følgjene av denne avgifta bidra til å svekkje beredskap, med nedbygging av bunkerslokasjonar og andre viktige funksjonar langs kysten vår. Til slutt: Eg viser til innspela vi har til statsbudsjett og til alternative budsjett. Så ønskjer eg god jul – og kanskje ein kan tenkje litt ekstra på desse fem orda frå Jakob Sande: «Det lyser i stille grender.»

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat