Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
For det første er ikkje dette heilt riktig. FrP vil også ha skatter og avgifter, men det har vi meir enn nok av i Noreg. Vi betaler allereie i dag enormt mykje, og samanlikna med nabolanda våre bruker vi veldig mykje pengar per innbyggjar på dei offentlege budsjetta. Skattane og avgiftene er veldig høge, og vi ser at det har enorme konsekvensar for investeringar, utvikling og innovasjon i privat sektor. Det er også eit tankekors med heile verkelegheitsbeskrivinga til MDG at ein er så oppteken av omstilling når vi ser at Noreg og Europa har svært svak vekst samanlikna med andre land og kontinent. USA og Kina rasar frå oss på mange område, mens vi i Europa berre er opptekne av omstilling og grøn teknologi og ikkje legg til rette for at næringslivet kan vekse i det som er ein global marknad.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
