Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. des 2025

Stig Even Lillestøl
Stig Even Lillestøl
Fremskrittspartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte fredag den 19. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Skattar og avgifter kan ha eit mål i seg sjølv ved å skape insentiv til å ha ei omstilling eller gå vekk frå ein teknologi og over til ein annan. Problemet med politikken til MDG er at det ikkje er det vi ser i praksis. Det vi ser, er at bedrifter og industriar flyttar seg ut av Noreg eller ut av Europa. Kva er det som har skjedd dei siste åra? Jo, vi ser at Volkswagen slit enormt i Tyskland. Mange bedrifter og industriar slit fordi energiprisane er høge og klimapolitikken for ekstrem. Samtidig flaumar kinesiske elbilar inn på norske vegar, for der borte legg dei til rette for auka vekst ved å halde energiprisane nede, og ja: Det medfører CO2-utslepp. Vil representanten seie seg einig i at politikken til MDG ikkje berre bidreg til insentiv for grøn teknologi, men også til at verdiskaping og industri blir piska ut av Noreg og Europa?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Stig Even Lillestøl (Fremskrittspartiet) — Replikk · 19. des 2025 — OverStortinget