Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Saman med fleirtalspartia Senterpartiet, MDG og Raudt har SV kjempa på plass endringar i budsjettet for 2026 som tek Noreg i ei grønare og meir rettferdig og solidarisk retning, også i denne saka, i nysalderinga. Alle veit at det i år måtte ein ekstra runde til før statsbudsjettet fekk eit faktisk fleirtal bak seg. Det kan vere vanskeleg å vite kva det var som eigentleg blei endra frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt la fram budsjettet sitt, til det blei ei einigheit med SV og MDG. Lat meg difor berre gjenta det, sidan nokre av dei endringane ligg nettopp her i nysalderinga. For det første: Dobbelt så mykje skog skal bli verna når potten no blir auka til 1 mrd. kr. Med det fortset vi SVs storstilte satsing på skogvern. Sidan SV fekk gjennomslag for ordninga i 2021, har 1 038 skogsområde blitt verna. Sist ut er bl.a. utvidinga av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune i Vestland. Når einigheita med Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Raudt innebar reversering av regjeringa sitt forslag til auking av drivstoffavgifta, må det møtast av andre klimatiltak. Difor er eg glad for at regjeringa kjem tilbake til det. Mykje er bra med noregspris, men vi såg ein fullstendig kollaps innan solcellemarknaden då noregspris blei innført. Det er ein konsekvens ingen ønskjer seg. Difor er vi veldig fornøgde med at det no blir greidd ut ein noregspris på solstraum. Vi treng å få omstilt Noreg. Då er det veldig bra at SVs omstillingskommisjon kan justerast og forbetrast, sånn at vi kan få til endringar med tanke på korleis vi i Noreg skal nå klimamåla våre, og at vi i tillegg kan auke CO2-prisen på sokkelen. Noko av det mest prinsipielle som likevel er vedteke i budsjettet, er at studiestøtta og bortebuarstipendet skal regulerast gjennom grunnbeløpet i folketrygda – ein kjempesiger som studentorganisasjonane har applaudert, og som vi er mange som har kjempa for. Som ein del av einigheita er det fleire løyvingar på denne nysalderinga: til SKUDA, til Verdensteatret, til Melahuset, til Kvensk institutt – og ikkje minst 4 mill. kr til vedlikehald av seglskipet Statsraad Lehmkuhl. Det burde regjeringa ha fiksa sjølv då dei tidlegare i år kom med det rekordstore beløpet 20 mill. kr til Christian Radich. Eg er stolt over at vi har fått på plass auka løyvingar no før jul til dei som stiller opp for dei som har aller minst – 7 mill. kr til Blå Kors, til Frelsesarmeen, til Kirkens Bymisjon, til Raudekrossen og til matsentralane. Til sist vil eg berre seie at eg er glad for at vi i denne saka er med på å vedta 1 mrd. kr til Palestina. Det er eit enormt behov for humanitær bistand, det er ei skjør våpenkvile. Det skulle berre mangle at det norske storting samlar seg om pengar til Palestina når behova og nauda er så store.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
