Statsråden svarer · Skriftlig spørsmål

Matvareberedskap og oppfølging av vedtak om beredskapsbutikker

Spør

Geir Pollestad

Sp

Svarer

Cecilie Myrseth

Næringsminister

Stilt 12. oktober 2026Besvart 20. oktober 2026

Spørsmål fra Geir Pollestad (Sp), 2026-10-12

Kva vil statsråden gjere for å styrkje matvareberedskapen i Noreg, og vil statsråden følgje opp Stortingets vedtak om beredskapsbutikker ?

Svar fra næringsminister Cecilie Myrseth, 2026-10-20

Regjeringa deler vurderinga av at matvareberedskap er ein grunnleggjande del av den nasjonale forsyningstryggleiken. God beredskap krev at heile verdikjeda fungerer, frå produksjon til transport, lagring, distribusjon og sal. Regjeringa arbeider derfor fortløpande med å kartleggje sårbarheiter og vurdere tiltak som kan styrkje forsyningsevna i krisesituasjonar. Stortinget s vedtak om å greie ut etablering av beredskapsbutikkar etter finsk modell blir følgt opp gjennom eit pågåande utgreiingsarbeid. Det er viktig å sjå ein slik eventuell modell i lys av norske forhold. Noreg er eit langstrakt land med store geografiske forskjellar, spreidd busetjing og andre logistiske utfordringar enn Finland. Regjeringa vurderer derfor ikkje berre korleis beredskapen i butikkleddet kan styrkjast, men korleis forsyningstryggleiken kan styrkjast gjennom heile verdikjeda. Matvareberedskap handlar om meir enn den siste fasen der varene blir selde til forbrukar. Ei robust løysing føreset at også primærproduksjon, vidare produksjon, transport og lagring fungerer i ei krise. Til dømes vil beredskapen vere avgrensa dersom butikkane har naudstraum medan sentrallagera som forsyner butikkane, ikkje har tilsvarande kapasitet. Regjeringa legg derfor til grunn eit heilskapleg perspektiv i utgreiinga. Regjeringa har kartlagt beredskapen hos sentrale aktørar i verdikjeda og vurderer fortløpande korleis relevante aktørar best kan involverast i arbeidet med å styrkje matvareberedskapen. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte når utgreiinga er ferdig. Arbeidet skal gi eit godt grunnlag for å vurdere korleis matvareberedskapen kan styrkjast på ein effektiv måte, tilpassa norske forhold og behova i heile verdikjeda.

Hele overskriften fra Stortinget

Kva vil statsråden gjere for å styrkje matvareberedskapen i Noreg, og vil statsråden følgje opp Stortingets vedtak om beredskapsbutikker ?

Kilde: Stortinget. Kort emnetittel: OverStortinget.