Vararepresentant

Oddmund Hoel

Oddmund Hoel

·
RSS

Status

Ikke rangert

Vararepresentanter inngår ikke i rangeringen.

Fra salen

4 nyeste med opptak

29. jan 2025· Replikk

Det vidare arbeidet med finansiering av kompetanseheving i arbeidslivet har to omsyn å ta. Det er behovet arbeidsgjevarane har for auka kompetanse, men òg for å sikre at den kompetansen blir verande i bedrifta eller bransjen, og det er behovet arbeidstakarane har for å kunne ta med seg den kompetansen vidare òg. Det er dei diskusjonane me ser at har kome framover det siste året. Det er veldig gledeleg. Det arbeidsgjevarsida heldigvis innser – og eg må berre understreke at det i den NOU-en som har kome frå kompetansereformutvalet, er veldig brei semje om ei verkelegheitsforståing me òg har hatt gjennom dei tre åra me har styrt – er at det er heilt avgjerande at ein får sett inn meir kreftar og finn betre system for kompetanseheving i norsk arbeidsliv framover. Det treng me, ut frå dei store utfordringane me står overfor.

29. jan 2025· Replikk

Ja, definitivt. Det var òg ein viktig grunn til at me sette ned det utvalet. No har spørsmålet om finansiering av etter- og vidareutdanning vore det kanskje største spørsmålet som òg denne rapporten diskuterer. Det er gode innspel der til vidare linjer å arbeide etter. Me har òg gjennom det siste lønnsoppgjeret, med frontfagoppgjeret i spiss, sett at det er ei auka interesse der for å diskutere finansiering av etter- og vidareutdanning mellom partane i tariffoppgjera. Den diskusjonen vil fortsetje, både i partssamarbeidet og frå staten si side. I budsjettforliket går me inn med 25 mill. kr til styrking av det initiativet som kom i frontfagoppgjeret, så her er det òg arbeid på gang, og det må følgjast opp gjennom ulike nye retningar vidare.

29. jan 2025· Innlegg

Sidan regjeringa tiltredde i 2021, er det éin ting som har blitt klarare og klarare for oss. Det er at mangel på kompetanse er ei av dei aller største samfunnsutfordringane me står overfor, på både kort og lang sikt. Derfor har me òg hatt den utfordringa heilt øvst på prioriteringslista vår og fått stadig ny kunnskap som understrekar at den prioriteringa er heilt rett. Utgreiinga om ei kompetansereform gjev oss viktig kunnskap og retning i arbeidet med å sikre verdiskaping. Livslang læring i arbeidslivet er viktig for store delar av det norske samfunnet i heile landet. Me kjem til å sende utgreiinga på ei open høyring. Rapporten bør lesast og diskuterast av mange. Det er difor bra at òg representanten Nyholt er interessert og stiller spørsmål. Me ønskjer å få innspel og tilbakemeldingar frå flest mogleg relevante aktørar, for å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for arbeidet framover. Eg merkar meg at utvalet legg stor vekt på bransjeprogramma. For å møte kompetansemangelen me står overfor, er læring gjennom heile livet ein nøkkel. Det gjeld i alle slags livsfasar og i heile landet. Difor har bransjeprogramma vore eit viktig satsingsområde for regjeringa, og med årets budsjett har me styrkt det med 15 mill. kr, for å vidareføre bransjeprogram for industri- og byggenæringa. I tillegg har me oppretta to nye: eitt for solkraftbransjen og eitt for helse- og omsorgssektoren. Fagskulane er òg heilt sentrale for å sikre den kompetansen arbeidslivet treng. Regjeringa har satsa tungt på fagskulane – den høgare yrkesfaglege utdanninga. Me har finansiert 2 000 nye studieplassar til fagskulane sidan me tiltredde, inkludert midlar til 1 000 nye studieplassar i 2025-budsjettet. Me har òg varsla at me snart legg fram ei eiga stortingsmelding om fagskulane. Me har hatt veldig mykje dialog med sektoren i arbeidet, og me skal i meldinga gje ei tydeleg retning for vidare satsing og utbygging av utdanninga, som er viktig for heile Noreg. For å nå fleire er fleksible og desentrale utdanningar ein nøkkel, og i 2024 auka me rammeløyvinga til universitet og høgskular med 200 mill. kr for å styrkje det fleksible og desentrale studietilbodet. Me fortset satsinga i år, med ein auke i rammeløyvinga på 120 nye millionar. Me vil òg i året som kjem, leggje fram eit forslag om ei heilt ny låneordning i Lånekassa, for at ho skal bli meir relevant for vaksne som har behov for kompetansepåfyll gjennom arbeidslivet. Særleg gjeld det dei som ikkje får dekt utgifter frå arbeidsgjevar. Me har òg innført ei ny gjeldssletteordning for studielån for dei som buset seg i distriktskommunar. Me har arbeidd intenst med kompetansepolitiske tiltak gjennom heile regjeringstida vår, og utgreiinga er eit flott grunnlag for vidare arbeid og trykk på feltet.

9. jan 2025· Innlegg

Eg vil òg takke for ein god debatt og for engasjementet. Det er litt igjen til kvanteteknologi er ein folkesport, men me som no praktiserer innanfor idretten, i alle fall i debatten, får halde koken og halde på interessa. Det som både interpellanten og representanten Jønnes no har etterlyst gjennom sine innlegg, oppsummerer eigentleg ganske godt det regjeringa gjekk i gang med alt i fjor – for så vidt tidlegare enn det, men som dei sette kraft bak i fjor. Eg trur det blir tenkt veldig likt i denne salen om kva som er viktig. Det nordiske samarbeidet er ein nøkkel. Det er spesielt gledeleg å seie det no som den nordiske samarbeidsministeren sit i salen. På seinhausten var det møte både i Göteborg, i Oslo og i København. Eg såg forresten interpellanten på eitt av dei. Dette var møteplassar mellom politisk nivå, finansierar av forsking, både offentleg og privat, og næringslivsaktørar. Det er nettopp den koplinga – mellom dei nordiske landa og mellom både næringsliv, forsking og politikk – me har behov for å halde på og byggje vidare ut. Det er òg ein sentral tanke bak det danske initiativet til ei felles erklæring om kvanteteknologi. Gjennom ei god satsing og god arbeidsdeling mellom dei nordiske landa kan me gjere Norden til eit kraftsentrum i Europa på kvanteteknologisk forsking. Det er òg veldig gledeleg å sjå at Wallenberg-stiftelsen er inne og støttar dette i Sverige. Novo Nordisk-fonda er tungt inne i finansieringa av kvanteforsking i Danmark. Dei har no signalisert offentleg at ein også er interessert i å finansiere aktørar i andre nordiske land på dette feltet viss me greier å få etablert eit godt nordisk samarbeid, så her opnar det seg gode, nye moglegheiter. Det er veldig mykje gledeleg som skjer. Eg kan avslutningsvis seie at det per no er Kunnskapsdepartementet ved forskings- og høgare utdanningsministeren som har ansvaret for dei pengane som skal bli sette i arbeid gjennom forskingssatsinga. Det er per no me som koordinerer det, men det skjer i tett samarbeid med digitaliserings- og forvaltningsministeren, med forsvarsministeren og med næringsministeren. Me har eit godt grunnlag, og eg gler meg til neste gong me skal stå her og diskutere kvanteteknologi.

Innlegg i salen

42 innlegg · 9 møter

Vis →
  • 29. jan 202512:15· Replikk

    Det vidare arbeidet med finansiering av kompetanseheving i arbeidslivet har to omsyn å ta. Det er behovet arbeidsgjevarane har for auka kompetanse, men òg for å sikre at den kompetansen blir verande i bedrifta eller bransjen, og det er behovet arbeidstakarane har for å kunne ta med seg den kompetansen vidare òg. Det er dei diskusjonane me ser at har kome framover det siste året. Det er veldig gledeleg. Det arbeidsgjevarsida heldigvis innser – og eg må berre understreke at det i den NOU-en som har kome frå kompetansereformutvalet, er veldig brei semje om ei verkelegheitsforståing me òg har hatt gjennom dei tre åra me har styrt – er at det er heilt avgjerande at ein får sett inn meir kreftar og finn betre system for kompetanseheving i norsk arbeidsliv framover. Det treng me, ut frå dei store utfordringane me står overfor.

  • 29. jan 202512:14· Replikk

    Ja, definitivt. Det var òg ein viktig grunn til at me sette ned det utvalet. No har spørsmålet om finansiering av etter- og vidareutdanning vore det kanskje største spørsmålet som òg denne rapporten diskuterer. Det er gode innspel der til vidare linjer å arbeide etter. Me har òg gjennom det siste lønnsoppgjeret, med frontfagoppgjeret i spiss, sett at det er ei auka interesse der for å diskutere finansiering av etter- og vidareutdanning mellom partane i tariffoppgjera. Den diskusjonen vil fortsetje, både i partssamarbeidet og frå staten si side. I budsjettforliket går me inn med 25 mill. kr til styrking av det initiativet som kom i frontfagoppgjeret, så her er det òg arbeid på gang, og det må følgjast opp gjennom ulike nye retningar vidare.

  • 29. jan 202512:10· Innlegg

    Sidan regjeringa tiltredde i 2021, er det éin ting som har blitt klarare og klarare for oss. Det er at mangel på kompetanse er ei av dei aller største samfunnsutfordringane me står overfor, på både kort og lang sikt. Derfor har me òg hatt den utfordringa heilt øvst på prioriteringslista vår og fått stadig ny kunnskap som understrekar at den prioriteringa er heilt rett. Utgreiinga om ei kompetansereform gjev oss viktig kunnskap og retning i arbeidet med å sikre verdiskaping. Livslang læring i arbeidslivet er viktig for store delar av det norske samfunnet i heile landet. Me kjem til å sende utgreiinga på ei open høyring. Rapporten bør lesast og diskuterast av mange. Det er difor bra at òg representanten Nyholt er interessert og stiller spørsmål. Me ønskjer å få innspel og tilbakemeldingar frå flest mogleg relevante aktørar, for å få eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for arbeidet framover. Eg merkar meg at utvalet legg stor vekt på bransjeprogramma. For å møte kompetansemangelen me står overfor, er læring gjennom heile livet ein nøkkel. Det gjeld i alle slags livsfasar og i heile landet. Difor har bransjeprogramma vore eit viktig satsingsområde for regjeringa, og med årets budsjett har me styrkt det med 15 mill. kr, for å vidareføre bransjeprogram for industri- og byggenæringa. I tillegg har me oppretta to nye: eitt for solkraftbransjen og eitt for helse- og omsorgssektoren. Fagskulane er òg heilt sentrale for å sikre den kompetansen arbeidslivet treng. Regjeringa har satsa tungt på fagskulane – den høgare yrkesfaglege utdanninga. Me har finansiert 2 000 nye studieplassar til fagskulane sidan me tiltredde, inkludert midlar til 1 000 nye studieplassar i 2025-budsjettet. Me har òg varsla at me snart legg fram ei eiga stortingsmelding om fagskulane. Me har hatt veldig mykje dialog med sektoren i arbeidet, og me skal i meldinga gje ei tydeleg retning for vidare satsing og utbygging av utdanninga, som er viktig for heile Noreg. For å nå fleire er fleksible og desentrale utdanningar ein nøkkel, og i 2024 auka me rammeløyvinga til universitet og høgskular med 200 mill. kr for å styrkje det fleksible og desentrale studietilbodet. Me fortset satsinga i år, med ein auke i rammeløyvinga på 120 nye millionar. Me vil òg i året som kjem, leggje fram eit forslag om ei heilt ny låneordning i Lånekassa, for at ho skal bli meir relevant for vaksne som har behov for kompetansepåfyll gjennom arbeidslivet. Særleg gjeld det dei som ikkje får dekt utgifter frå arbeidsgjevar. Me har òg innført ei ny gjeldssletteordning for studielån for dei som buset seg i distriktskommunar. Me har arbeidd intenst med kompetansepolitiske tiltak gjennom heile regjeringstida vår, og utgreiinga er eit flott grunnlag for vidare arbeid og trykk på feltet.

  • 9. jan 202513:28· Innlegg

    Eg vil òg takke for ein god debatt og for engasjementet. Det er litt igjen til kvanteteknologi er ein folkesport, men me som no praktiserer innanfor idretten, i alle fall i debatten, får halde koken og halde på interessa. Det som både interpellanten og representanten Jønnes no har etterlyst gjennom sine innlegg, oppsummerer eigentleg ganske godt det regjeringa gjekk i gang med alt i fjor – for så vidt tidlegare enn det, men som dei sette kraft bak i fjor. Eg trur det blir tenkt veldig likt i denne salen om kva som er viktig. Det nordiske samarbeidet er ein nøkkel. Det er spesielt gledeleg å seie det no som den nordiske samarbeidsministeren sit i salen. På seinhausten var det møte både i Göteborg, i Oslo og i København. Eg såg forresten interpellanten på eitt av dei. Dette var møteplassar mellom politisk nivå, finansierar av forsking, både offentleg og privat, og næringslivsaktørar. Det er nettopp den koplinga – mellom dei nordiske landa og mellom både næringsliv, forsking og politikk – me har behov for å halde på og byggje vidare ut. Det er òg ein sentral tanke bak det danske initiativet til ei felles erklæring om kvanteteknologi. Gjennom ei god satsing og god arbeidsdeling mellom dei nordiske landa kan me gjere Norden til eit kraftsentrum i Europa på kvanteteknologisk forsking. Det er òg veldig gledeleg å sjå at Wallenberg-stiftelsen er inne og støttar dette i Sverige. Novo Nordisk-fonda er tungt inne i finansieringa av kvanteforsking i Danmark. Dei har no signalisert offentleg at ein også er interessert i å finansiere aktørar i andre nordiske land på dette feltet viss me greier å få etablert eit godt nordisk samarbeid, så her opnar det seg gode, nye moglegheiter. Det er veldig mykje gledeleg som skjer. Eg kan avslutningsvis seie at det per no er Kunnskapsdepartementet ved forskings- og høgare utdanningsministeren som har ansvaret for dei pengane som skal bli sette i arbeid gjennom forskingssatsinga. Det er per no me som koordinerer det, men det skjer i tett samarbeid med digitaliserings- og forvaltningsministeren, med forsvarsministeren og med næringsministeren. Me har eit godt grunnlag, og eg gler meg til neste gong me skal stå her og diskutere kvanteteknologi.

  • 9. jan 202513:07· Innlegg

    Det var godt å høyre at interpellanten til ein viss grad blei roa, for det er det all grunn til. Det eg trur det går an å vere einige om, er at det er uheldig at den norske satsinga på kvanteteknologisk forsking ikkje er komen lenger enn ho har. Det trur eg me er fleire som skal ta eit felles ansvar for. Interpellanten har vel ein viss kjennskap til arbeidet med digitaliseringssatsing frå førre regjering. Men no er me der me er. No får me pengar i arbeid, no skal me satse tungt framover, og me skal gje den satsinga ei tydeleg retning. Det er det Forskingsrådet i første omgang har fått eit oppdrag frå oss om å gjere no, i samband med dei pengane som skal lysast ut. Me er i ein fase der me har behov for å kartleggje kva som faktisk er styrkane og svakheitene til den norske kvanteteknologiske forskinga i dag, og me har behov for å sjå den i samanheng med kva som er styrkane og svakheitene til våre nordiske samarbeidsland på dette feltet. Me konstaterer at Danmark, som er sterkast på dette i Norden – kanskje sterkast i Europa – kom med ein strategi i fjor. Sverige og Finland, som er betydeleg sterkare enn oss, er no i ferd med å lage sine strategiar. Eg tenkjer at det vil vere naturleg at me no, i denne fasen, vurderer kva ein norsk strategi for kvanteteknologi kan gje oss. Eg tenkjer at det er ganske sjølvsagt at me gjer det no. Det me samtidig har vore bevisste på, er frykta for at viss me på eit for tidleg tidspunkt går i gang med eit strategiarbeid som i for stor grad låser oss i ei bestemt retning, vil det føre til at det kjem ein del ting i blindsona, fordi me per i dag rett og slett ikkje har god nok oversikt over kvar me bør satse og bli best. Det er mykje som er usikkert når det gjeld kva kvanteteknologien vil by på for oss, av både moglegheiter og risikoar framover, men det er openbert at me må leggje eit føre-var-prinsipp til grunn her. Spesielt innanfor kryptering, som kanskje er det området innanfor dette feltet der dei største pengane blir brukte av norske styresmakter i dag, er det veldig urovekkjande utsikter. På andre områder, som medisinsk forsking, er det store, store moglegheiter. Så dette er eit felt me omsider no går tungt inn i, og me kjem nok òg til å diskutere dette meir i denne salen framover.

  • 9. jan 202512:58· Innlegg

    Takk til interpellanten for spørsmålet. Eg set pris på interessa for eit svært viktig tema. Kvanteteknologi er eit felt i rask utvikling både nasjonalt og internasjonalt. Teknologien utnyttar naturfenomen som gjeld på atomnivået for subatomære partiklar som elektron og foton, og teknologien vil få innverknad på bl.a. medisin, energi, navigasjon, finans, sikkerheit og mykje meir. Regjeringa har i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning peikt ut kvanteteknologi som eit særleg viktig felt innanfor den teknologiske forskinga, saman med kunstig intelligens. Regjeringa har gjennom statsbudsjettet sørgt for å styrkje forskinga på kvanteteknologi slik at den årlege løyvinga blir 70 mill. kr permanent høgare enn dagens innsats, og då må me òg ta med at det har vore ein viss innsats fram til i dag. Kvanteteknologi er ein fleirbruksteknologi med sivile og militære bruksområde. Pengane kjem difor, talande nok, frå både Kunnskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet som ei felles satsing. Forskingsrådet er no i gang med å utforme utlysingane som vil kome utover i 2025, for å setje pengane i arbeid. Min strategi no er å byggje opp kunnskap og kompetanse på dei tre hovudområda i kvanteteknologien, som er kvanterekning og simulering, kvantekommunikasjon og kvantemåling. Eg vil ha hovudvekta på matematisk, naturvitskapeleg og teknologisk forsking, men den nye satsinga kan òg finansiere forsking om konsekvensane av kvanteteknologien, og då spesielt betydninga for stats- og samfunnssikkerheit. Dette er òg ei satsing på kunnskapsberedskapen i Noreg. Me må sikre at me har kompetansen me treng for å handtere norske sikkerheitsbehov og styrkje forsvarsevna vår, og gjere næringslivet budd på at ei ny teknologisk verkelegheit og eit nytt konkurranselandskap vil melde seg. No byggjer me infrastrukturen me treng for å hengje med i den teknologiske utviklinga. Store aktørar i næringslivet som Equinor, Kongsberg Gruppen, Det Norske Veritas, fleire finansverksemder og Statkraft følgjer med på feltet. Dei byggjer nettverk med fagmiljø i påvente av at forskinga skal kunne bli omsett i nye løysingar og produkt. Regjeringa er heilt sentral i den nettverksbygginga me ser. Spørsmåla frå interpellanten er omfattande, men la meg seie noko om norsk innsats i lys av nordisk og europeisk nivå og dessutan noko om fortrinn og svakheiter her hos oss. Internasjonalt investerer både statar og næringsliv store ressursar i forsking og kommersialisering i kvanteteknologi. I Finland, Sverige og Danmark er det stor og målretta aktivitet, kanskje med Danmark i førarsetet, ikkje berre i Norden, men også i Europa. Her i landet har aktiviteten over mange år vore mindre enn i nabolanda våre. Me har likevel det fortrinnet at norske forskingsmiljø er svært internasjonalt orienterte og har lange tradisjonar for samarbeid. Den store suksessen som norske forskarar har i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, er eit godt døme på det, og det vil bidra til at me kan byggje opp nødvendig kunnskap og kompetanse relativt raskt. Fleire norske forskingsinstitusjonar og faggrupper er alt aktive nasjonalt og internasjonalt. Det er òg dialog mellom departementa i dei nordiske landa, og me arbeider no for å få på plass ei erklæring om nordisk samarbeid på kvantefeltet. Erklæringa skal omfatte både forsking og næringsutvikling, og det skal omfatte både eit offentleg og privat engasjement. Det nordiske samarbeidet vil sørgje for ei tidleg involvering av næringslivet i forskinga, noko som er heilt avgjerande for innovasjonen på feltet. Samarbeidet vil òg bidra til at eit framtidig næringsliv kan ta del i det som kan få ei høg økonomisk oppside. Til slutt om spørsmålet frå interpellanten om kvanteteknologiske framsteg som på sikt kan knekke moderne kryptering: Det er urovekkjande. Her vil eg vise til at Nasjonalt tryggingsorgan følgjer med på utviklinga av kvanterekning og jobbar med kvantesikker kryptering. Gjennom forsvarsbudsjettet er det no i bruk ca. 2,2 mrd. kr for å utvikle det.

  • 8. jan 202511:10· Replikk

    Me har eit veldig høgt nivå på offentleg pengebruk på norsk forsking og høgare utdanning. Når me måler oss mot andre land, ligg pengebruken i staten på både høgare utdanning og forsking, same kva parameter me bruker, i toppsjiktet i OECD. Me gjer det veldig bra internasjonalt òg når det gjeld toppforskinga. Me ligg på åttande plass i å hente tilbake forskingsmidlar frå EU. Sverige ligg i absolutte tal på niande plass – bak oss. Det er ikkje i seg sjølv viktig å slå svenskane, men me kan jo notere oss at akkurat her har me gjort det òg. Eg merkar meg igjen at kritikken kjem frå eit parti som samla ikkje har noko meir pengar til norsk forsking og høgare utdanning enn det regjeringa har, og dei skal regjere saman med ein storebror som vil ha betydelege kutt i forsking og høgare utdanning. Det kan hende nokre meiner graset er grønare på den andre sida av gjerdet, men det er det ikkje her.

  • 8. jan 202511:08· Replikk

    Det er pussig å høyre representanten Jønnes når me veit at Høgre utover våre budsjett, summert gjennom vår regjeringsperiode, har ønskt nesten 1 mrd. kr i ABE-kutt i rammeløyvinga til universitet og høgskular. Dei vil regjere saman med storebror Framstegspartiet, som summert har gått inn for å kutte over 2 mrd. kr i ramma til universitet og høgskular. I tillegg vil Høgre kutte 100 mill. kr til petroleumsforsking. Det som er forklaringa på det NIFU har sagt, og det me har sagt, er at NIFU har teke ut investeringar i bygg. Det har me teke med. Om ein tek ut investeringar i bygg, har NIFU heilt rett, då er det ein liten nedgang, men ein kan diskutere om det er rimeleg. Me får livsvitskapsbygget i Oslo, og me får havteknologisenteret i Trondheim – heilt vesentleg forskingsinfrastruktur som vil føre til stor vekst i norsk forsking framover.

  • 8. jan 202511:05· Innlegg

    Statsråden og regjeringa har vore dønn ærlege i alt me har sagt rundt nivået på løyvingar til forskinga. Me har vore heilt ærlege på at tiltaket med det ekstraordinære nivået på løyvingane til universitet og høgskular gjennom pandemien skal fasast ut. Der ligg det eit nedtak i ramma til universitet og høgskular, men me ligg framleis over nivået før pandemien. Det er framleis ein realvekst frå 2019 til i dag i rammeoverføringar til høgskular og universitet. Det er ein stor aktivitet, og me har høg kapasitet i UH-sektoren. Når det gjeld forskingsløyvingane og at representanten Jønnes er opphengd i BNP, ser me òg at den veldig gledelege forklaringa på nedgangen i forskingsdelen sin prosent av BNP er at BNP har gått kraftig opp. Det er gledeleg for norsk økonomi, og det er fordi norsk økonomi går så det suser. Me har eksportrekord, me har investeringsrekord, og me har bortimot full sysselsetjing. Det er veldig mykje gledeleg som skjer. Når me då har eit mål i BNP, er det BNPs variasjonar og ikkje variasjonane i forskingsløyvingane som betyr noko. Me har sett at dei samla investeringane i forsking og utvikling i det norske samfunnet i 2023 var på 95 mrd. kr, når me summerer både det offentlege og det private. Heldigvis går òg næringslivet sine investeringar i FOU opp. Me har ein realauke i dei samla FOU-investeringane frå 2022 til 2023 på 0,6 pst. Me har den same forskingsaktiviteten i 2025 som me hadde i 2024, og me ligg internasjonalt veldig høgt.

  • 8. jan 202511:02· Replikk

    Det er sjølvsagt beklageleg når studentar urettmessig blir felte for fusk og seinare får saka omgjort, men eg må seie eit par ting om dette. For det første er me ikkje i strafferetten, me er innanfor forvaltningsretten. Innanfor forvaltningsretten er det vanlege prinsippet at eit offentleg vedtak, som dette vil vere, blir sett i verk med ein gong. Ein ventar ikkje på heile klageprosessen. Me har andre mekanismar for å fange opp det å kompensere den som er urettmessig felt for fusk eller får eit feilaktig forvaltningsvedtak i ein tidleg fase, seinare. Det er langt over 90 pst. – utan at eg hugsar talet nøyaktig, kanskje er det 95 pst. – av dei som blir felte for fusk, som ikkje får medhald viss ein ankar. Det talet er så høgt at me må ha ei meir nyansert tilnærming til dette med reaksjonsformer. Eg tenkjer at rettstryggleiken er god nok.

  • 8. jan 202510:59· Innlegg

    Fusk er eit stort og aukande problem i høgare utdanning. Det har me sett over tid. Det har å gjere med både meir heimeeksamenar og ikkje minst utviklinga innanfor kunstig intelligens me har sett no. Så det har vore veldig viktig for regjeringa å ha ei fast hand i møtet med fusk i høgare utdanning. Det er kanskje det som i dag er det største trugsmålet vårt for tilliten til høgare utdanning og til vitnemåla som kandidatane våre går ut med. Den tilliten ein i dag har i samfunnet til norsk høgare utdanning, er veldig høg. Me må ikkje setje han på spel. Difor har me i ny universitets- og høgskulelov skjerpa reaksjonen på dei mest alvorlege tilfella av fusk og sørgt for ei meir nyansert tilnærming til reaksjonsforma til ulike alvorsgrader av fusk. Når det gjeld det spørsmålet representanten Gulati stiller, om det oppmodingsvedtaket, gjorde regjeringa og Kunnskapsdepartementet det som Stortinget bad oss om, nemleg å vurdere om det var føremålstenleg å utsetje iverksetjinga av reaksjonen. Det har me gjort, og etter den nye vurderinga har me kome til at det ikkje er føremålstenleg. Det botnar i at ein student som får ein reaksjon, og som då går vidare med ein anke av den til Felles klagenemnd, eventuelt i rettssystemet, vil kunne måtte vente i veldig lang tid før den reaksjonen blir sett i verk. Det er noko som me ser ikkje tener studenten, for ein ville kanskje då ha kome langt inn i eit masterløp, og så måtte ein ha teke eit utestengingssemester på eit veldig uheldig tidspunkt. Omtrent ingen når fram med klagen sin i systemet, så summa summarum: Me har vege for og imot. Det beste er at straffa blir sett i verk med ein gong.

  • 18. des 202413:03· Innlegg

    «Det står ein friar uti gar’e, mor lilla. Hau hau! Kor mange pengar haver han, du mi dotter Dalia?» Det er spørsmålet me frå regjeringspartia stiller oss meir og meir når me høyrer opposisjonen her snakke. Når dei borgarlege partia skal finne saman, kan det vere ein fare for at det blir slik som dette: «Mannen og kona sette seg ned, talte om nytt og gamalt. Aldri eg visste at du var så vreid før enn vi kom til samans.» No blei det litt mørkt gjennom debatten her. La oss no sjå mot lysare tider. Vi går inn i jula, det blir lysare og finare utover våren. La oss no tenkje fram til vi kan kome dit. «Bind dykk ein blomekrans. Sit ikkje stur og tung, syn at du òg er ung, veks fri som fagre lyng, dans no og syng.» God jul!

  • 18. des 202411:56· Replikk

    Venstre ser ut til å vere inspirert av Olav Åsteson «som heve sovi so lengje», men som vakna med eit brak trettandedagen og kunne fortelje utrulege ting frå det hinsidige. I motsetning til dei førre alternative budsjetta til Venstre, er det no pengar både til eitt og hitt, men likevel ikkje til det som er ei av dei aller største kompetanseutfordringane me har, nemleg vanskane dei minst sentrale kommunane har med å få tak i kompetanse. I eit elles romsleg budsjett vil Venstre kutte der. Det forstår me ikkje. Så skal partiet Venstre til sengs med partiet Framstegspartiet, som i sine alternative budsjett summert vil kutte over to milliardar i universitets- og høgskulesektoren. Eit godt råd til Raja er: Gifta deg med Framstegspartiet – «da raor eg deg ifrao»!

  • 18. des 202411:53· Replikk

    Eg konstaterer at det er eit breitt fleirtal i Stortinget for den justeringa me har gjort. Det blir i dag avlagt ca. 30 000 eksamenar som går ut på å forbetre karakteren – ikkje å ta eksamen opp igjen når ein har stroke, men når ein har stått og tek han opp igjen. Cirka ein tredel av dei som melder seg opp, møter ikkje til eksamen. Samtidig som me arbeider for ei utvikling av sektoren, må me òg vere i stand til å ta tak i dei tilfella der me har ein lite føremålstenleg ressursbruk. Me har likevel gjort det fritt opp til universiteta og høgskulane korleis dei skal gripe dette an. Det er opp til dei om dei vil bruke det tiltaket, men dei har fått eit nytt tiltak i verktøykassa for å kome den utfordringa i møte, at dei må leggje til rette for ei lang rekkje eksamenar studentar ikkje møter opp til.

  • 18. des 202411:51· Replikk

    Me er heilt einige med SV i at ei av dei aller største utfordringane for studentar, og særleg i dei aller største byane – og Oslo er i ei særklasse – er bustadsituasjonen. Eg trur me må begynne med å erkjenne at det er eit resultat av dei generelle problema i bustadmarknaden. Det er ikkje eit særskilt studentproblem, men det artar seg kanskje vanskelegast og sterkast for studentar som er på den private leigemarknaden. Vårt viktigaste grep for å få gjort noko med det, er at me saman med SV har fått til ei ytterlegare satsing på bygging av studentbustader, som no å inkludere det å oppgradere eksisterande studentbustader og få utnytta betre den bygningsmassen som allereie finst i samskipnadene. Vidare ser me på korleis me skal få styrkt studentbustadbygginga ytterlegare med tanke på nye aktørar.

  • 18. des 202411:49· Replikk

    Me diskuterer i dag eit budsjett der me endå ein gong har funne saman med SV i ei kraftig auking av studiestøtta, som på over tre år no langt overgår det ein har sett før. Me har vist gjennom tre år at me greier å finne gode forlik, som gjev studentane ein betre økonomi. Me har satsa tungt på studentbustader. Det er fleire studentbustader enn nokon gong under bygging, 4 800. Det me gjer på ei lang rekkje felt, er ting som betrar økonomien til studentane. Me har i våre ulike parti diskusjonar på gang om korleis me skal forhalde oss til å knyte studiestøtta til grunnbeløpet. Der konstaterer eg at det i mitt eige parti er eit forslag som går ut på at me skal gjere det, så her trur eg me kjem til å fortsetje å ha gode, fruktbare diskusjonar framover.

  • 18. des 202411:48· Replikk

    Me har ein del kompetansebehov, store kompetanseutfordringar, i det norske samfunnet, som gjer at me må ha ei brei tilnærming til kompetansepolitikken. Det er ei anna verkelegheit der ute no enn då Høgre styrte. Me slit med kompetansemangel i dei aller fleste bransjane, og me slit aller mest i dei minst sentrale kommunane. Høgres svar på det er å seie nei til dei tiltaka som mest effektivt treffer kompetansebehovet der det er størst, nemleg i dei minst sentrale kommunane. Me har satsa tungt på fagskulane gjennom vår regjeringsperiode, det fortset me å gjere, og me kjem med ei stortingsmelding om fagskulane til våren, som er ei ytterlegare satsing på fagskulane. Dette er eit heilt avgjerande verkemiddel, som bransjeprogramsatsinga òg går inn i, som samla løftar kompetansepolitikken betydeleg i forhold til det Høgre har gjort. Dei ser ut til framleis å stå på dei løysingane ein meinte var best for 10–15 år sidan, då ein sjølv styrte.

  • 18. des 202411:45· Replikk

    Me aukar i årets budsjett satsinga på bransjeprogram. Me sørgjer for eit ekstra bransjeprogram for industrien, i tillegg til dei to som òg får nye pengar. Me har ei fast rullering av bransjeprogram, som er eit veldig godt tiltak, som sikrar ei brei tilnærming til kompetansebehovet for veldig mange ulike bransjar. I tillegg til det støttar me no opp om ei kompetansereform i industrien, i frontfaga, i kjølvatnet av frontfagoppgjeret, som er eit heilt nytt tiltak som vil sikre meir kompetanse inn i nokre av våre aller viktigaste næringar. Me har i heile regjeringsperioden hatt ei tung satsing på kompetansepolitikk. Me får innstillinga frå eit kompetansereformutval i januar. Me gjer det stikk motsette av det Høgre her påstår at me har gjort – me satsar på kompetansepolitikk og bransjeprogram.

  • 18. des 202411:41· Innlegg

    Det norske samfunnet står overfor nokre store utfordringar. Me manglar arbeidskraft i heile landet, og spesielt i distrikta. Me har ei stadig eldre befolkning med auka behov for helsetenester. Me står i ein heilt annan tryggingspolitisk situasjon enn me gjorde då denne regjeringa tok over i 2021. Me står midt i ei teknologisk utvikling som går i rasande fart. Me er heilt avhengige av kunnskap, forsking og kompetanse for å møte desse samfunnsutfordringane. Difor må me satse på forsking og høgare utdanning. Me må satse på fagskulane. Me må sikre at folk kan lære og utvikle seg heile livet. Det gjer regjeringa i dette statsbudsjettet, som fører Noreg heilt i toppen internasjonalt når det gjeld offentleg finansiering av høgare utdanning og forsking. Me krev òg av institusjonane våre at pengane blir brukte godt og gjennomtenkt, for «den som ‘kje kråka kan nytta så, (…) han er ikkje verd ei kråke å få». Framtidas arbeidsliv krev kompetente arbeidstakarar. Regjeringa føreslår å opprette nye studieplassar innanfor helse, teknologi og IKT-fag. Me satsar målretta der behova er størst. Me treng utdanning og kompetanse der folk bur, der kommunar og næringsliv treng folk mest. I 2025 føreslår me å styrkje satsinga på desentral og fleksibel utdanning med 120 mill. kr, på toppen av 200 mill. kr i 2024-budsjettet. Me har òg føreslått at dei som bur i dei minst sentrale kommunane i landet, får sletta 25 000 kr av studielånet årleg. Noreg treng fagarbeidarar. Regjeringa har i denne perioden auka kapasiteten i fagskulane betydeleg. I 2025 føreslår me å opprette 1 000 nye studieplassar innanfor teknologi, helse/velferd og miljøfag. Regjeringa satsar på banebrytande forsking som skal kome heile Noreg til gode. Me vil bruke 40 mill. kr på tungreknekraft og norske og samiske språkmodellar. Me styrkjer forsking på kvanteteknologi med 70 mill. kr. Me må sikre at framtidas maskinar snakkar, skriv og forstår norsk. God tilgang til høgare utdanning er nødvendig for å dekkje behovet for kvalifisert arbeidskraft. Me ser likevel at mange studentar slit med å finansiere studentlivet. I budsjettet for 2025 føreslår regjeringa og SV å auke studiestøtta med 10 pst. – mykje meir enn forventa prisauke. Studentane vil i 2025 få 40 500 kr meir i studieåret enn dei fekk då me tok over i 2021. «Ofte minnest eg mi gamle grend, når eg framand uti verdi stend». Me bør hugse på det. Her i landet har me eit grunnlag, noko me kan stole på. Budsjettet vårt vil gjere Noreg betre rusta for framtidas utfordringar, i både by og grend.

  • 11. des 202412:15· Replikk

    Me har gjort ei lang rekkje ting som har vore til stor fordel for studentane. Me har auka studiestøtta betydeleg saman med SV. Me har fått ordentleg fart på studentbustadbygginga. Når det gjeld Senterpartiet si oppslutning blant studentar, har ho alltid vore relativt moderat, kan me seie, men veldig geografisk ulik. Som valforskarar kunne me snakka om grunnane til det, men det er svært viktig for Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering å løfte studentane økonomisk. Det har me fått til no, gjennom ein betydeleg auke i studiestøtta: 40 500 kr gjennom tre år. Det veit me at studentane er glade for, og så har me gjort ein del andre nødvendige tilpassingar i regelverket i samband med budsjettet.

  • 11. des 202412:13· Replikk

    Gratisprinsippet i norsk høgare utdanning står fjellstøtt. Det er snakk om ei mogleg avgift som universitet og høgskular vil få høve til å innføre for å kome eit problem i møte, nemleg at me kvart år har ca. 30 000 eksamenar som er forbetring av karakter. Viss ein stryk, skal ein heilt utan avgift få ta opp igjen eksamen, men det er snakk om forbetring av karakter. Ca. 30 pst. av dei som går opp for å forbetre karakteren, møter ikkje opp til eksamen. Det er ein ressursbruk me meiner er uheldig, og det har institusjonane no fått eit høve til å innføre ei avgift på. Det er heilt opp til universiteta og høgskulane sjølve om dei ønskjer å gjere det. Men det er eit verktøy som kan vere nyttig om ein vil kome det problemet til livs.

  • 11. des 202412:10· Innlegg

    Eg deler representanten Nyholt si vurdering av at studentar som gruppe har blitt hardt ramma av prisveksten i Noreg dei siste åra. Samtidig er eg ikkje einig i at regjeringa sin politikk gjer det vanskelegare for vanlege folk å leve som studentar, som spørsmålet legg til grunn, tvert imot. Regjeringspartia har saman med SV prioritert å styrkje kjøpekrafta til studentane i fleire budsjett, både i 2023 og i 2024 og no seinast i semja for 2025-budsjettet. Dei satsingane har kome samtidig med at alle utdanningsstøttesatsane kvart år har blitt justerte i tråd med forventa prisvekst. Det gjer at basisstøtta frå neste studieår blir heile 32 pst. høgare enn i starten av regjeringsperioden. Det betyr 40 500 kr meir i året for ein student. Det er ein solid auke i kjøpekrafta til studentane trass i høgare prisar. For eksempel: I 2024 aleine auka støtta heile 6 pst. over forventa prisvekst, og samla sett har utviklinga i basislånet gjennom regjeringsperioden overstige både løns- og prisveksten i samfunnet med god margin. Apropos pils, som representanten nemner: Embetsverket mitt har rekna ut at summen av dei gjennomførte og føreslåtte styrkingane av basisstøtta ganske nøyaktig svarer til butikkprisen av 1 350 halvlitrar ekstra per år. Det er meir enn det som er sunt. Dei nemnde satsingane på økonomiske ytingar frå Lånekassa kjem i tillegg til regjeringa si satsing på studentbustader. Det er no rekordhøge 4 800 bustader under bygging over heile landet. I det siste statsbudsjettet oppjusterer me i tillegg tilskotssatsen for heile landet og gjev tilsegn om tilskot til 1 400 fleire bustader, sånn at talet for 2025 blir heile 3 050 nye studentbustader. Det er eit faktum at husleiga utgjer den største enkeltutgifta for dei fleste studentane. Ved å byggje fleire bustader, som me gjer, både sikrar me eit rimeleg alternativ for studentar og reduserer presset på den private leigemarknaden. Med andre ord: Trass i prisveksten har studentane i vår regjeringsperiode fått ein betydeleg auke i kjøpekrafta, ikkje berre frå år til år, men òg relativt til grunnbeløpet i folketrygda. Det meiner eg er det motsette av å gjere det vanskelegare for vanlege folk å vere student, som representanten legg til grunn i spørsmålet.

  • 27. nov 202411:09· Replikk

    Den dagen me seier at dette er godt nok, no har me gode nok rutinar, no har me god nok kontroll – den dagen gjer me ein stor feil. Dette er eit felt i rivande utvikling. Me må vere i stand til heile tida å bli betre i sikkerheitsarbeidet, heile tida bli betre i risikovurderingane og heile tida styrkje arbeidet me gjer mot truslar som heile tida endrar seg. Det er nettopp det dynamiske i dette me har vore opptekne av å styrkje, gjennom system som skal gjere det mogleg for universitet, høgskular og forskingsinstitusjonar å stå i kontakt med sikkerheitstenestene og etablere gode system som førebyggjer på ein betre måte enn tidlegare. Det er framleis fleire ting å ta tak i, og det gjer me kontinuerleg, kvar dag, men det står svært mykje betre til enn det gjorde for to–tre år sidan.

  • 27. nov 202411:07· Replikk

    Det er norske sikkerheitstenester sitt ansvar å halde kontroll med den nasjonale sikkerheita og drive det som dreier seg om politiarbeid i samband med slike saker. Det er ikkje eit ansvar som ligg til norske universitet og høgskular. Det ansvaret som ligg til norske universitet og høgskular, og som dei tek i eit betydeleg større omfang enn før, er å drive eit godt førebyggingsarbeid. Det er å ha tett kontakt med sikkerheitstenestene om korleis ein innrettar arbeidet på best mogleg måte, og det er å byggje opp gode system for risikovurderingar og sikkerheitsvurderingar. Dette blir følgt opp både frå departementet og frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, HK-dir, gjennom det betydeleg styrkte arbeidet me har gjort. Den måten trur me er den aller beste førebygginga me kan ha mot uønskt påverknad under dekke av akademisk ytringsfridom.

  • 27. nov 202411:05· Replikk

    Det er eit viktig spørsmål. Det er ikkje noko som skil akademisk ytringsfridom frå ei lang rekkje andre liberale verdiar som me som eit ope samfunn held oss med. Dette gjeld òg ytringsfridom generelt, det å kunne bevege seg fritt – i det heile det å ha eit ope samfunn. Det kan bli misbrukt. Det kan me ikkje møte gjennom å lukke samfunnet meir enn nødvendig, heller ikkje den akademiske ytringsfridomen. Ein må møte det gjennom å skjerpe arbeidet, slik me har gjort gjennom våre tre år, ved å ha betre risikovurderingar, ved å ha betre sikkerheitsoppfølging, ved å ha betre system og ved å ha betre kontroll med gjesteforskarar som kjem. Der har det skjedd veldig mykje i norske forskingsinstitusjonar, universitet og høgskular gjennom desse tre åra, og det arbeidet går verkeleg raskt framover i riktig retning.

  • 27. nov 202411:04· Replikk

    Ja, det har me gjort. Me har skjerpa dialogen med forskingsinstitusjonane, universiteta og høgskulane når det gjeld rutinar for kontroll med gjesteforskarar som kjem. Me har auka samarbeidet med sikkerheitstenestene når det gjeld gjesteforskarar, og som eg sa i det første svaret mitt: Me har gjort ei lang rekkje tiltak for å få opp bevisstheita, for å få betre system og for å ha ei meir løpande oppfølging av det som måtte vere av sikkerheitstruslar og risikovurderingar knytte til institusjonane. Så det har definitivt blitt følgt opp i tråd med det statsministeren sa.

  • 27. nov 202411:02· Replikk

    No bevegar me oss inn i eit relativt detaljert landskap, men eg kan forsikre representanten Gulati om at me frå regjeringa og norske styresmakter si side er veldig godt kjende med dei forholda som har kome fram i dette brevet og dette Dagbladet-oppslaget. Dette har det vore knytt bekymring til heile tida som forskingssamarbeidet har føregått, noko som har gjort at me har gjort ei lang rekkje sikkerheitstiltak når det gjeld både forskingssamarbeidet på Svalbard og oppbygginga av radaranlegget som representanten peikar på. Det stemmer at metallet til radarane er produsert i Kina, men elles kjem all teknologien i radarane frå land me har sikkerheitspolitisk samarbeid med. Dette er ein radar som skal fange opp – ja, eg trur ikkje me kan gå meir inn på detaljane her, men dei norske styresmaktene har i alle fall full kontroll over det som skjer.

  • 27. nov 202410:59· Innlegg

    Regjeringa deler bekymringane til representanten Gulati. Me har sett det same bildet som Gulati peikar på, og me har gjort ei lang rekkje tiltak for å møte det. Eg vil likevel først slå fast at forsking og utdanning – kunnskap – er internasjonale aktivitetar. Det er i vår interesse å samarbeide òg med land som me ikkje har tryggingspolitisk samarbeid med. Kina er ei stormakt innan forsking, og landet blir stadig viktigare. Me har ei lang rekkje fagfelt som i den store samanhengen er rimeleg ufarlege, og som me har interesse av å samarbeide på. Det kan vere helse, klima og ei lang rekkje andre ting. Men det me må vere meir bevisste på framover, og det me har sett i gang ei lang rekkje tiltak på, er dei områda der det er snakk om sensitiv teknologi og andre sensitive fagområde, der det er opning for at det kan skje ting som ville vere uheldig i ein tryggleikssamanheng. Me har sett i gang ei kartlegging og avgrensing av kva dei sensitive fagområda me skal vere særleg merksame på, er. Me har utvida og utdjupa samarbeidet – både frå departementet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse si side og universiteta og høgskulane si side – med tryggingstenestene om å førebyggje dei truslane som kjem. Me har fått betre system i forskingsinstitusjonane for å følgje opp desse problema – skjerpa bevisstheit, betre system og betre internkontroll på det som skjer. Me har i fleire år hatt rundebordsmøte om Kina-samarbeid, som tryggingstenestene, saman med universiteta, er involverte i. Me gjer ei lang rekkje ting, og det må vi gjere. Samtidig skal me vere eit liberalt og opent samfunn som samarbeider om kunnskapsutveksling og forsking med andre land.

  • 27. nov 202410:56· Replikk

    Noreg har delteke i dei europeiske forskingsprogramma i 30 år, med stor entusiasme frå Senterpartiet heile tida. Me treng internasjonalt samarbeid, og me treng europeisk samarbeid på forsking og høgare utdanning. Det går heilt fint i hop med å vere noko meir skeptisk til europeisk samarbeid når det gjeld overnasjonal styring på andre felt. Me konstaterer at Venstre har lagt fram eit alternativt budsjett som for så vidt har ønske om ein del auke på ulike felt, på dei felta som representanten Almeland no nemner, men det er høgst uklart kva dette eigentleg er verdt, når Venstre har valt å samarbeide med eit parti som ikkje har ambisjonar om vekst, og eit anna parti som dei siste to åra i sine alternative budsjett har hatt ambisjonar om 2 mrd. kr i kutt. Eg gjentek at me har lagt fram ein tydeleg politikk som prioriterer dei felta som representanten etterlyser.

  • 27. nov 202410:54· Replikk

    Då konstaterer eg at Høgre no går inn for ytterlegare nedtrekk i løyvingane til universitet og høgskular. Me har gjennom våre tre år hatt ei føreseieleg, stabil og god styring og finansiering av norsk forsking og norsk høgare utdanning. Det er det sektoren treng. Det er i tillegg til tydelege prioriteringar. Me har færre folk i samfunnet framover. Me må disponere dei gode hovuda, dei kloke hovuda, betre. Me må setje inn kreftene der me har dei største kompetansebehova framover. Det har me gjort. Me må ha fleire sjukepleiarar, me må ha fleire legar, me må ha fleire IKT-kompetente folk, me må ha fleire teknologar som kan ta oss inn i omstillinga. Me har prioritert dei felta, og me har vore tydelege på at det må me gjere. Det som kjem frå Høgre her, står for meg meir uklart og meir som ein karakteristikk av ei alternativ verkelegheit.

  • 27. nov 202410:50· Innlegg

    Eg må først få gratulere partiet Høgre med at dei no – omsider – ser ut til å leggje fram sitt alternative budsjett. Det har me sett fram til. I går kom meldinga med nye tal for norske tilslag i Horisont Europa, verdas største forskingsprogram. Me gjer det stadig betre. Norske forskingsmiljø tek no tilbake betydeleg meir enn me skyt inn i kontingent til Horisont Europa. Me har fått 15 mrd. kr tilbake frå Horisont Europa sidan 2021. Det er eit teikn på at norsk forsking gjer det svært bra internasjonalt – og gjer det betre og betre. Det er eit stort og viktig kvalitetsteikn for norsk forsking, der veldig mange norske forskingsmiljø bidrar – med nokre motorar i spissen, men ei lang, lang rekkje institusjonar og bedrifter er med. Det går med andre ord svært bra med norsk forsking. Den sorgtunge historia som Jønnes og Høgre prøver å teikne av tilstanden i norsk forsking og høgare utdanning, er det svært, svært vanskeleg å finne igjen når ein går ut og ser kva som faktisk skjer i sektoren. Me har i dag ei veldig god finansiering av både forsking og høgare utdanning i ein internasjonal samanheng – me ligg stort sett på topp eller i toppsjiktet på alle statistikkar, same korleis ein måler. Regjeringa har gått inn med tunge satsingar på kunstig intelligens, og no på kvanteteknologi. Me er no – me driv og byggjer oss opp – i front på nye teknologiar. Då er det bekymringsverdig at Høgre gjennom dei to førre alternative budsjetta, i alle fall som me kjenner til, faktisk ville kutte til saman over 600 mill. kr i rammeoverføringar til universitet og høgskular – og viss dei kjem til makta, skal dei regjere saman med eit stort parti som i sine siste alternative budsjett har vilja kutte 2 mrd. kr i rammeoverføringar til universitet og høgskular.

  • 12. nov 202416:01· Innlegg

    Me skal ha forskingssatsingar av ypparste internasjonale kvalitet. Me skal byggje – fortsetje å byggje – sterke forskingsmiljø. La meg bruke kvanteteknologi som eit eksempel: No skal me bruke 70 mill. kr i året, i tillegg til det me bruker frå før, på å styrkje forskinga på dei ulike kvanteteknologiane. Det driv me no og byggjer opp eit nordisk samarbeid for å gjere, og det driv me og byggjer opp eit samarbeid mellom offentlege og private aktørar for å få til. Det me ønskjer der, er å byggje dei aller fremste miljøa i heile landet som skal drive med det. Men så er det ikkje slik at dei fremste forskarane sit berre i Oslo eller berre i Bergen eller berre i Trondheim. Det sit definitivt framståande forskarar på eit felt som det òg i fleire forskingsinstitusjonar. Me skal utnytte det beste av forskingskapasiteten me har i heile landet, når me køyrer i gang ei satsing, og han skal ha den aller ypparste kvaliteten. Me skal byggje internasjonalt samarbeid, og me skal byggje offentleg og privat samarbeid. Så skal forsking fylle ei lang rekkje føremål i samfunnet. Me skal ha forsking som dekkjer konkrete regionale behov, som dekkjer det lokale næringslivet sine behov, og som dekkjer alle kommunar sine behov. Me skal òg ha forsking av høg kvalitet på korleis sosialt arbeid i mellomstore kommunar blir drive, og me skal ha forskarar på felta knytte til profesjonsutdanningane som driv ei forsking og ei utdanning for sin region, for sin del av landet, og som er knytte opp mot nasjonale og internasjonale nettverk. Det er av stor verdi for forskinga at den typen forsking òg føregår nær der brukarane av forskinga er. Det greier me å kombinere på ein heilt utmerkt måte i regjeringa sin forskings- og høgare utdanningspolitikk. Me greier å kombinere toppforsking med ei forsking som kjem heile landet til nytte og er nær folk, og eg undrar endå meir på korleis det er mogleg å lage ei motsetning mellom dei to tinga.

  • 12. nov 202415:55· Innlegg

    Me kan vere skjønt einige om at dette temaet er altfor viktig til at representanten Jønnes og eg skal diskutere det aleine. Me har i vår forskings- og høgare utdanningspolitikk lagt vekt på to ting som omhandlar det interpellanten tek opp. Me skal fortsette satsinga på forsking av aller ypparste internasjonale kvalitet. Det gjer me gjennom å fortsetje å satse på dei ordningane som løfter forskinga aller høgast. Me satsar gjennom Horisont Europa, me satsar gjennom Det europeiske forskingsrådet, og me satsar gjennom senterutlysingar, som senter for framifrå forsking, senter for forskingsdriven innovasjon og forskingssenter for miljøvenleg energi, FME-ane. Me stod i beit, etter å ha teke over etter Solberg-regjeringa, for ganske betydelege manglar i Forskingsrådet, som me måtte rydde opp i. Me gjekk inn med 1,6 mrd. kr ekstra til Forskingsrådet for å sikre nettopp toppforskinga og grunnforskinga. Me ser resultat av det. Me gjer det veldig bra – betre og betre – i Horisont Europa, betre og betre i ERC og betre og betre internasjonalt. Det er meir og meir internasjonalt samarbeid om den aller ypparste forskinga. Dette går bra. Det går veldig bra med norsk forsking for tida. Me må gjere ein ting til, noko som representanten Jønnes òg sette ord på: Me må ha god kvalitet i all forsking, og forskinga må treffe behovet i heile det norske samfunnet. Dei områda i landet der forskinga treffer aller minst, er i næringsliv og i dei minst sentrale kommunane. Det er små og mellomstore bedrifter. Skal me løfte heile landet, skal me løfte konkurranseevna i heile landet, må heile landet løftast. Me må løfte små og mellomstore bedrifter, og me må løfte alle kommunar. Me greier med politikken vår å kombinere to ting: høg kvalitet og ein forskingspolitikk som treffer heile landet og løfter heile landet. Me ser inga motsetning – noko som partiet Høgre, ut frå retorikken sin, openbert gjer – mellom kvalitet og såkalla distrikt. Me greier å kombinere desse to, me greier å satse på begge delar, og det gjev no gode resultat. Me må få forskinga meir i bruk, og ho må meir i bruk i heile det norske samfunnet.

  • 12. nov 202415:46· Innlegg

    Takk til interpellanten for spørsmåla. Verda er i endring. Produktivitetsveksten i Noreg og resten av Europa fell, og me står overfor ei rekkje store samfunnsmessige utfordringar. Omstillingsbehova er store, og dei er tett kopla på tilgangen til kunnskap og kompetanse. Forskings- og innovasjonspolitikken må difor utviklast heile tida, slik at me byggjer sterke forskingsmiljø og fremjar kompetanse i heile landet. Utvikling og rett bruk av dei nye teknologiane som veks fram, er ein heilt avgjerande del av dette. Spørsmålet frå representanten Jønnes er omfattande. For å sikre at forskingssektoren kan ta vare på samfunnsoppdraget sitt, vil eg i svaret mitt leggje hovudvekt på to ting: ressursar og tillit. Først om ressursar: Me er blant dei landa i verda som bruker aller mest offentlege midlar på høgare utdanning og forsking. Halvparten av all forsking og utvikling er finansiert av offentlege kjelder her i landet, mot 25–30 pst. i dei andre nordiske landa. I OECD-samanheng ligg me i toppsjiktet når det gjeld offentlege midlar brukte på forsking, utvikling og høgare utdanning. Ambisjonen er høg. Me skal framleis liggje i toppsjiktet når det gjeld offentlege investeringar i forsking og høgare utdanning. Forskingssektoren ligg altså på eit høgt nivå, men me må òg finne rom for forskingssatsingar innanfor gjeldande budsjettrammer. I 2025-budsjettet vidarefører me eit høgt nivå på FoU-løyvingane. Me satsar strategisk, og me kjem med satsingar på FoU i oppfølginga av langtidsplanen for forsvarssektoren, forsking på kvanteteknologi, forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring, forsking knytt til samfunnsoppdraget om berekraftig fôr og forsking og utvikling for omstilling av transportsystemet – i tillegg til ei lang rekkje andre satsingar. For å betre omstillingsevna og verdiskapinga må òg forsking og utvikling i næringslivet halde fram med å auke. FoU-strategien for å auke investeringane i næringslivet, som regjeringa la fram i vår, er eit viktig bidrag, men her må me ha ein høg innsats òg framover. I tillegg til ressursar vil eg trekkje fram tillit. Det er ein viktig føresetnad for at sektoren kan ivareta samfunnsoppdraget sitt. Me har tillit til at institusjonane gjer gode prioriteringar ut frå behova i samfunnet og ut frå eigne faglege vurderingar og styrkar. Norske universitet og høgskular er rammefinansierte, og finansieringssystemet er forenkla under oss. Det betyr at dei har fått stor fridom og stort ansvar for sjølv å nytte løyvingane på best mogleg måte. Me ser heller ingen teikn til at kvaliteten på forskinga er fallande, tvert om. Utviklinga er positiv. Mange og stadig fleire forskarar får stipend frå Det europeiske forskingsrådet, ERC. Returandelen frå Horisont Europa er høg og har auka. Suksessen i denne harde konkurransen er eit teikn på at kvaliteten i norsk forsking er høg. Noreg har òg gode tal når det gjeld vitskapleg publisering, og stadig meir blir publisert i samarbeid med internasjonale forfattarar. Eg kan òg leggje til at OECD, på bakgrunn av meir systematisert kunnskap, har vurdert at kvaliteten i norsk forsking har auka dei siste åra. Me står overfor heilt andre utfordringar i dag enn me gjorde for to–tre år sidan. Det er ikkje tilstrekkeleg at kunnskapen blir utvikla. Omstilling av samfunnet føreset at forskinga blir gjort tilgjengeleg og teke i bruk. Forskinga og kompetansen må koplast til dei områda der det er behov. Særleg måten me greier å nyttiggjere oss dei framveksande teknologiane på, blir avgjerande for den omstillinga som næringslivet og offentleg sektor må gjennom. Det er bakgrunnen for at me i fjor lanserte ei offensiv forskings- og innovasjonssatsing på kunstig intelligens. I 2025-budsjettet har regjeringa òg ei satsing for å styrkje forskinga på kvanteteknologi, som på ingen måte blir smurt tynt utover. Det skjer heller ikkje med KI-satsinga. Her blir det satsa på å byggje forskingssenter av aller høgaste internasjonale kvalitet. Til slutt vil eg trekkje fram at me no går gjennom heile forskingssystemet for å sjå om me er godt nok sette opp for å handtere dei store endringane me står i, og dei utfordringane som kjem til å kome over oss i åra framover. Me skal leggje fram ei stortingsmelding om forskingssystemet våren 2025 og gler oss til det.

  • 16. okt 202412:04· Replikk

    Me kjem med våre årlege budsjett. Der går våre prioriteringar fram. Det er eit solid fagleg grunnlag for å setje i gang medisinutdanning i Førde. Det har Universitetet i Bergen vore heilt klar på. Sånn forstår me òg Helse Førde. Det var stor jubel då me var i Førde og kunngjorde at det kjem i gang medisinplassar der. Me har levert på utviding av kapasiteten i medisinutdanningane. Me har levert på desentral medisinutdanning no gjennom tre år. Me har levert på desentrale satsingar av utdanning over ein låg sko. Det er noko partiet Høgre gjerne kritiserer oss for, men eg kan garantere både representanten Stensland og alle andre at me har satsing på å få heile landet med i høgare utdanning veldig høgt oppe på lista vår. Heile landet skal med – Haugesund er ikkje noko unntak.

  • 16. okt 202412:02· Replikk

    Helseføretaka, innbyggjarane, universiteta og alle andre skal tolke det me har gjort på utbygging av desentrale medisinutdanningar gjennom heile regjeringsperioden, som at me meiner alvor med dette. Vår kontakt går mot universiteta. Det er dei som er underlagde oss, og det er universiteta som i sin tur har dialogen med helseføretaka og kommunane for å avklare praksiskapasitet og den praktiske gjennomføringa av medisinutdanninga. Me har levert på det me har sagt når det gjeld medisinutdanning, som så mykje anna. Me gav medisinutdanningsplassar til Stavanger i fjor. Me sa då ingenting om kva som kom til å skje i 2025-budsjettet. Me gjev no 20 studieplassar til Førde. Heile Vestlandet skal med. Me får sjå på komande budsjett kva som kjem til å stå i det, men me leverer på desentrale medisinutdanningar i alle delar av landet.

  • 16. okt 202411:59· Innlegg

    Regjeringa er oppteken av å utdanne fleire legar i Noreg. Me har utvida kapasiteten gjennom å satse på desentraliserte studiemodellar i medisinutdanningane. Med dette forslaget har regjeringa sørgt for til saman 235 nye studieplassar i medisin. Samanlikna med 2019 utgjer det ein auke i den årlege opptakskapasiteten i landet på 37 pst. Det er mykje. Det inkluderer at me har ført vidare 80 medisinplassar frå dei ekstraordinære studieplassane som kom under koronapandemien, og dei var i utgangspunktet meint å vere midlertidige. Det er særleg i distriktskommunane at det er vanskeleg å rekruttere nok legar. Erfaringane viser at å ha praksis i ein kommune kan ha positiv verknad på motivasjonen for å arbeide i kommunen på eit seinare tidspunkt. Dette ligg til grunn når eg har føreslått fordelinga av nye studieplassar i 2025-budsjettet. Gjennom studiemodellen Vestlandslegen har Universitetet i Bergen eit mål om å ta i bruk fleire delar av Vestlandet for å utdanne legar. Difor synest eg det er gledeleg at det no ligg til rette for at det vil bli utdanna legar i Førde. Eg er oppteken av at medisinutdanningane skal ha føreseielege rammer. Me har hatt dialog med Universitetet i Bergen om i kva grad dei har hatt høve og kapasitet til å ta imot fleire studieplassar. Ein flaskehals for medisinutdanningane har vore tilgang på nok praksisplassar. Gjennom desentralisert medisinutdanning kan dei ta i bruk praksisplassar fleire stader. Nye studieplassar for komande år kan eg ikkje forskottere i dag. Det kjem an på dei vidare budsjettprosessane. Eg ynskjer dialog med Universitetet i Bergen også framover om m.a. deira planar for Vestlandslegen.

  • 15. okt 202411:27· Innlegg

    Eg vil gje ros til representanten Jønnes for å løfte eit tema som er eit av dei aller viktigaste me kan diskutere. No, mens eg står her, sit min kollega kunnskapsministeren og representantar frå mi politiske leiing i departementet på møte med alle aktørar i skule og barnehage for å diskutere korleis me kan kome vidare med både rekruttering og kvalitet i utdanningane. Det er sjølvsagt svært viktig å vere her i Stortinget, men det er jammen meg òg eit viktig møte som går føre seg der. Der har me heilt faste møtepunkt. Me har eit veldig utmerkt samarbeid, og det er langt betre enn det var for nokre år sidan. Det me er heilt einige om, er at ein må snakke opp læraryrket, ein må få fram at dette er det viktigaste og mest inspirerande yrket i verda. Det finst ikkje noko viktigare enn å utstyre ungane og ungdomane våre med den kunnskapen og den sosiale kompetansen ein treng for å lykkast i livet. Eg skulle ønskje at Høgre òg var meir med på det, heller enn det ein gjer gjennom einsidig berre å fokusere på negative sider og eigentleg drive ei svartmåling av mykje av den flotte jobben som blir gjort både i norsk skule og i norske lærarutdanningar i dag. Eg trur nok me er ganske einige om at dei viktigaste tinga som styrer rekrutteringa til lærarutdanningane, er det som skjer i skulen, det er forhold i læraryrket, ikkje forhold i lærarutdanningane. Det blir det sjanse til å diskutere med kunnskapsministeren seinare i denne veka. Me må gjere utdanningane så tilgjengelege og gode som me berre kan, og det gjer me. Viss det er sånn at dei tiltaka Høgre innførte for 10–15 år sidan, er det som skal til for å auke statusen og betre rekrutteringa til læraryrket, då lurer eg berre på kva grunnen kan vere til at rekrutteringa til lærarutdanningane begynte å svikte gjennom Høgre sine siste år under Solberg-regjeringa. Vel, me ønskjer å få fleire inn i utdanningane gjennom å gjere utdanningane meir tilgjengelege på ei lang rekkje måtar. Då vil me òg få fleire igjennom. Krava til det ein skal lære i utdanninga, er akkurat dei same som før. Me er opptekne av å stille tydelege krav i utdanninga, og me er meir opptekne av kva ein kan når ein er ferdig med ei utdanning som tek fem eller tre år, enn kva ein kan når ein begynner på den utdanninga. Me har gjort ei lang rekkje ting det siste året. Me har laga ein strategi for lærarrekruttering. Me arbeider med å gjennomføre ei stortingsmelding. Me har endra opptakssystemet. Me tek utgangspunkt i dei utfordringane me står framføre i dag. Høgre tek dessverre utgangspunkt i utfordringane slik dei såg ut for ti år sidan.

  • 15. okt 202411:07· Innlegg

    Her tok meiningsytringane frå interpellanten eit noko meir konkret spor. Det trur eg er bra. Det var til dels svært konkret. Me la frå regjeringa si side i vår fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane, der lærarutdanningane var grundig drøfta. Her har me ei lang rekkje tiltak for korleis me trur lærarutdanningane kan bli meir attraktive. Heilt sentralt i den stortingsmeldinga var at me må få ein betre praksis, me må få betre koplingar mellom teori og praksis i utdanningane, og me må få løfta erfaringskunnskapen frå klasserommet sin status. Det har nok blitt ei slagside i profesjonsutdanningane at det er for sterk vekt på klassisk, akademisk forskingsbasert kunnskap. Me må ha ein god balanse. Dette har me lagt fram ein grundig plan for. Dette diskuterer me jamleg med lærarutdanningsmiljøa, og det føregår veldig mykje spennande. Når det gjeld å innrette praksis på ein måte som gjev mest læring for studentane, lengre praksisperiodar og deltaking på foreldremøte, som representanten nemnte, føregår dette i lærarutdanninga i dag. Så blir eg bekymra når representanten Jønnes seier at dei ikkje er så opptekne av kor mange som kjem inn på lærarutdanningane. Det er jo nettopp kor mange som kjem inn, som avgjer kor mange lærarar det kjem ut i den andre enden. Det me ser når det gjeld opptaket til utdanningane, er at dei som kjem inn – med eit godt undervisingsopplegg – er dei som òg gjennomfører. Det har me sett før; det vil me sjå no. Difor er det heilt avgjerande at me innrettar utdanningane på ein måte som sørgjer for god rekruttering til utdanningane. Karakterkrava er berre eitt av mange tiltak som til no har halde motiverte søkjarar utanfor – f.eks. dei som har arbeid i skulen og har lyst til å bli lærar, men ikkje har kome inn på utdanninga fordi dei har ein gamal karakter frå vidaregåande som står i vegen. Det har me gjort noko med. Endå viktigare er det at me byggjer opp fleksible utdanningstilbod som treffer dei som ønskjer å gå der, men som av praktiske grunnar har problem med å reise til ein studiestad og bli heiltidsstudent. Det gjeld f.eks. grunnskulelærarutdanninga på Finnsnes. I fjor, i ein situasjon der rekrutteringa stort sett gjekk ned, blei eit nytt desentralisert tilbod på Finnsnes veldig populært fordi det gjorde det mogleg å gå der og ta ei femårig lærarutdanning i nærområdet. Sånne ting treng me meir av. Kva er eigentleg Høgres svar? Det er stort sett politikk som er utvikla for 10–15 år sidan, og som ikkje tek omsyn til at verda faktisk har endra seg.

  • 15. okt 202410:59· Innlegg

    Lærarane er berebjelken i kunnskapssamfunnet og i dei levande lokalsamfunna me har her i landet. Kvar dag utgjer lærarane ein forskjell i livet til ungane og ungdomane våre. Dei formar framtida. Difor er eg, som interpellanten, uroleg for dei låge søkjartala til norske lærarutdanningar. Om me ikkje klarer å snu trenden, har me som samfunn eit stort problem. Me må lykkast med å skape meir interesse og engasjement for læraryrket, og det jobbar denne regjeringa iherdig med kvar dag. Kunnskapsministeren og eg arbeider for å få fleire til å velje og bli i læraryrket, og me har eit betre utgangspunkt i dag enn me har hatt på lenge. Me blei i vår einige med dei sentrale aktørane i utdanning og arbeidsliv om ein strategi for betre rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket. Me står saman, me har ei felles forståing av problema, og alle aktørane har forplikta seg til å bidra i arbeidet. Saman er me i gang med å snu den negative trenden i rekrutteringa som begynte under Solberg-regjeringa. Rekrutteringa til lærarutdanningane er nært knytt til korleis det er å arbeide som lærar. Tilhøva i yrket står høgt på agendaen til min kollega, kunnskapsministeren, som eg samarbeider tett med, og på torsdag vil ho svare Stortinget om kva regjeringa gjer for at det skal bli meir attraktivt å arbeide som lærar. Som ansvarleg for lærarutdanningane er eg oppteken av korleis me kan styrkje kvaliteten og gjere utdanningane meir tilgjengelege for dei som er motiverte for å bli lærarar, for dei treng vi. Regjeringa har sett i verk ei rekkje konkrete tiltak som blei presenterte i strategien for lærarrekruttering og i profesjonsmeldinga, og eg vil trekkje fram nokre av dei. Endringane i rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning er eitt døme. Ein integrert master i PPU gjev dei som har ein bachelorgrad høve til å bli lærarar på to år, eitt år kortare enn fram til no. Utdanninga er framleis samla på fem år. Universitetet i Oslo starta denne modellen med 35 studentar alt no i haust, og me veit om andre institusjonar som er i gang med å utvikle liknande studietilbod – meir tilgjengeleg lærarutdanning. Karakterkrava for opptak til dei femårige lærarutdanningane stod i vegen for mange motiverte søkjarar i ein situasjon der rekrutteringa gjekk kraftig ned. Knapt nokon andre utdanningar har slike særkrav, og etter at regjeringa i sommar opna for å dispensere frå særkrava, har tolv universitet og høgskular søkt om og fått innvilga dispensasjon. Tala frå det samordna hovudopptaket i sommar stadfestar at dette tiltaket kom i rett tid, og det er ønskt velkomen av universitets- og høgskulesektoren. Lærestadene melder om at dei har teke opp mange fleire studentar enn i fjor, og dei endelege tala får me snart. Når alternativet er ufaglærte i klasserommet, har me ikkje råd til å stengje ute topp motiverte søkjarar. Krava til eksamen og gjennomført praksis er nøyaktig dei same som før, og eg har tillit til at lærestadane gjev studentane den undervisninga dei treng. Regjeringa følgjer opp i statsbudsjettet. Me styrkjer mellom anna arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning slik at fleire hundre tilsette i barnehagane får tilbod om å utdanne seg som barnehagelærar i 2025, og me veit at det er eit treffsikkert tilbod. Me føreslår òg å auke potten til desentraliserte og fleksible studietilbod med 120 mill. kr for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire. Midlane går mellom anna til fleire lærarutdanningsinstitusjonar. Desse studietilboda rettar seg mot ei litt eldre studentgruppe, kanskje dei som alt arbeider i skulen, og det har vist seg å rekruttere godt til lærarutdanningane, som på Finnsnes i fjor og i Nærøysund i år. Lærarutdanningane må ha høg kvalitet og vere relevante for arbeidet som lærar. Eg prioriterer det framfor symbolpolitikk som ikkje gjev svar på rekrutteringsutfordringane. Og eg er spent på kva som eigentleg er interpellanten og partiet Høgre sitt svar på rekrutteringsutfordringane, for det framstår som ganske uklart.

  • 15. okt 202410:24· Innlegg

    Eg blei direkte utfordra av representanten Bjørlo om satsingane til Finland og Sverige – og for så vidt andre europeiske land. Det er svært, svært gledeleg at det har kome så tydelege signal frå Finland og Sverige om at ein ønskjer å satse meir offentlege pengar på forsking og utvikling. Det legg me til grunn at òg blir følgt opp i dei årlege statsbudsjetta som kjem frå Sverige, Finland og dei andre. Samtidig skal me ikkje skjemmast av den offentlege finansieringa som me i mange, mange år har brukt på norsk forsking og utvikling. Me ligg veldig høgt i OECD-samanheng på den offentlege finansieringa av forsking og utvikling, og dette har det vore tverrpolitisk einigheit om i denne salen gjennom mange år. Det skal me ikkje skjemmast over; det skal me vere stolte av. Det skal me føre vidare, og det gjer me i statsbudsjettet i år. Det har kome nokre overskrifter om ein realnedgang på nokre prosent. Då vil me understreke: Det er reint teknisk fordi kontingenten vår til Horisont Europa har gått ned av valutaårsaker og nokre BNP-justeringar, og me har gått over til ein ny budsjettmodell i Forskingsrådet. Aktiviteten i norsk forsking blir ført vidare på same høge nivå. Der me har meir å hente, og mykje å hente, er det som næringsministeren nettopp understreka: den private finansieringa av forskinga. Der ligg me altfor lågt i OECD-samanheng og europeisk samanheng. Det er den som verkeleg må løftast. Der er me veldig godt i gang og tek nokre krafttak gjennom strategien for å auke næringslivet si finansiering av forsking og utvikling. Eg vil òg understreke at Draghi-rapporten legg til grunn at Europa må styrkje konkurransekrafta primært mot Kina og USA. USA er vår viktigaste allierte. Storbritannia er blant våre viktigaste allierte som står utanfor EU. USA og Storbritannia er òg nokre av våre aller viktigaste forskingspartnarar. Det legg me til grunn at skal fortsetje. Me skal framleis styrkje samarbeidet med dei europeiske landa, men me skal òg gå vidare og styrkje samarbeidet med USA og Storbritannia innanfor forsking. Det er i våre nasjonale interesser og i våre sterke forskingsinteresser. Me ønskjer òg å utvikle det nordiske samarbeidet vidare. Som eit eksempel skal eg no på fredag til Göteborg på ein felles nordisk konferanse med representasjon på politisk nivå om kvanteteknologi. Me må samarbeide på ei rekkje nivå.

  • 15. okt 202410:12· Innlegg

    Dette hadde eg òg lyst til å vere med på som forskings- og høgare utdanningsminister. Draghi-rapporten er studert med stor interesse òg i Kunnskapsdepartementet. Her svarer næringsministeren på vegner av regjeringa, men eg vil veldig gjerne supplere med nokre ord som særskilt gjeld forsking og utvikling og høgare utdanning. Eg konstaterer at rapporten er lesen og blir flittig kommentert og brukt i debatten om forsking og høgare utdanning av representantar frå kunnskapssektoren. Det er svært gledeleg, for det er ein rapport som fortener merksemd og debatt. Rapporten tek, som interpellanten har sagt, til orde for ein kraftig auke i finansieringa av forsking og innovasjon og kritiserer i ganske klare ordelag det noverande rammeprogrammet til EU, Horisont Europa, for å vere for byråkratisk. Fleire av framlegga i Draghi-rapporten er i tråd med regjeringas innspel til det neste rammeprogrammet for forsking og innovasjon, det nye FP10, og innspela våre til neste Erasmus+-program. Me er fullt med i begge delar og i det europeiske forskingsområdet. Det vil vere veldig positivt dersom EU-landa er villige til å styrkje forskingsfinansieringa, både si eiga i dei nasjonale budsjetta og det som går gjennom Det europeiske forskingsrådet og Horisont Europa. Noreg er godt rusta. Norske forskingsmiljø lukkast i stadig større grad på dei europeiske konkurransearenaane, som Horisont Europa og ERC, Det europeiske forskingsrådet. Fleire har òg merka seg at rapporten ønskjer å styrkje grunnforskinga i Europa kraftig for å knappe inn på forspranget som USA og Kina har fått. Det er eit syn eg for min del er einig i. Her satsar regjeringa framleis tungt på grunnforskingstiltak som Senter for framifrå forsking. Det var elles noko sentrumsregjeringa i si tid tok initiativet til, då me sat i regjering saman med representanten Bjørlos parti. Me har satsa vidare på FRIPRO-ordninga, altså den forskarstyrte forskinga. Me gjekk inn med 1,6 mrd. kr ekstra for to år sidan, då Forskingsrådet var kome i eit økonomisk uføre. Me har satsa tungt på grunnforsking, og framover kjem me òg til å måtte satse tyngre på infrastruktur, som blir meir og meir kostbar for forskinga. Når det gjeld grunnforsking, vil eg understreke at rapporten framfor alt framhevar at ein må knyte grunnforskinga ved universiteta tettare til næringslivet, til verdiskaping og til auka konkurransekraft. Her har me ein veg å gå. Norske universitet har blitt meir næringsretta. Det er ei positiv utvikling på gang, men her er det meir som må gjerast. Dette er òg snakk om eit kulturspørsmål i akademia, men me er veldig positive til det. Noreg kjem godt ut på mange av parametrane når det gjeld offentleg finansiering av forsking og utdanning, og det bildet interpellanten har gjeve, vil eg seie krev veldig kraftige modifikasjonar. I OECD-samanheng har me svært høg kapasitet i høgare utdanning. Det blei sagt at Kina nærmar seg 60 pst., opp frå 30 pst., av unge som tek høgare utdanning. Me er alt oppe på at 55 pst. av dei unge årskulla no tek høgare utdanning, så sannsynlegvis er me der me bør vere når det gjeld totalkapasiteten. Me skal ha folk som driv med andre ting i samfunnet òg, men me må fortsetje diskusjonen om korleis me innrettar og prioriterer innanfor høgare utdanning. Få land bruker meir offentlege pengar enn oss på høgare utdanning og forsking. Når det gjeld den samla finansieringa av høgare utdanning, trur eg det for vår del er slik at den offentlege finansieringa utgjer den største delen av kaka i heile OECD-området. Me ligg i toppsjiktet når det gjeld kor mykje offentlege pengar me bruker både på høgare utdanning og på forsking. Det er annleis med den private finansieringa. Den må bli betre. Difor har me i år kome med strategien for å auke næringslivets investeringar i FoU, forsking og utvikling, og ei rekkje tiltak for å styrkje forskingskompetansen og gjere verkemidla meir effektive. Der må me forsetje arbeidet med full kraft.