Statsråden svarer · Skriftlig spørsmål

Reguleringsplan og tunneltrasé for E 39 Storehaugen–Førde

Spør

Erling Sande

Sp

Svarer

Kamzy Gunaratnam

Samferdselsminister

Stilt 13. oktober 2026Besvart 20. oktober 2026

Spørsmål fra Erling Sande (Sp), 2026-10-13

Vil statsråden respektere det tydelege fleirtalsvedtaket i Stortinget frå 6.oktober 2026 om å legge eksisterande reguleringsplan til grunn for E 39 Storehaugen - Førde (Hafstadfjelltunnelen) og snarast gje Statens Vegvesen beskjed om å stoppe det påstarta arbeidet med alternativ tunneltrasè?

Svar fra samferdselsminister Kamzy Gunaratnam, 2026-10-20

Vedtaket som representanten viser til, betyr å gå vidare med et forslag som anslagsvis kostar 460 mill. 2025-kr kr meir enn alternativet som blir stoppa før det er ferdig utgreia. Dei auka kostnadene vil mellom anna bety høgare bompengar. Dei førebels berekningane til Statens vegvesen viser at bompengetakstane, dersom den opphavlege løysinga vert lagd til grunn, vil bli 105 kr (med 75 pst. takst på sideveg). Dersom den nye løysinga til Statens vegvesen vert lagd til grunn, viser dette ein bompengetakst på 67 kr (med 50 pst. takst på sideveg). Statens vegvesen opplyser samstundes at omreguleringa av den nye løysinga ikkje ville ha ført til nokre forseinkingar for oppstarten av prosjektet, og byggjetida med den nye løysinga vil bli kortare. Den nye løysinga vil òg krevja mindre beslag av dyrka mark. Medan den opphavlege løysinga legg beslag på over 50 dekar, vil den nye løysinga reduserast til under det halve. Den nye løysinga vil òg ha lågare klimagassutslepp, førebels berekna til 2000-3000 tonn mindre CO2 utslipp i byggjeprosessen. Eg vil vise til at Samferdselsdepartementet gjennom fleire år og under ulike regjeringar har arbeidd med å effektivisere vegutbygginga i Noreg, med sikte på å få meir att for pengane. Eit viktig verkemiddel for å oppnå dette er mellom anna etableringa av porteføljestyring i Statens vegvesen, som delvis er basert på Nye Veier-modellen. Føremålet med porteføljestyring er meir effektiv ressursutnytting, auka samfunnsnytte og større fleksibilitet til å tilpasse prosjekt undervegs. Porteføljestyring inneber mellom anna moglegheita til å optimalisere, skalere ned eller endre omfanget av prosjekta i tråd med ny teknologi, ny kunnskap, endra behov og oppdaterte krav før spaden blir sett i jorda. Statens vegvesen presenterer kvart år sitt forslag til rekkefølgje for gjennomføring av planporteføljen (porteføljeprioritering). Som omtala i Prop. 1 S (2024-2025) for Samferdselsdepartementet har Statens vegvesens planportefølje ei samla referanseramme og skal sørge for at prosjekta kan verte realisert innan denne ramma. Ved kostnadsauke i eit prosjekt under planlegging skal Statens vegvesen vise mogleg inndekning gjennom kutt i andre prosjekt i porteføljen. Dersom eit prosjekt opplever forseinkingar i planlegginga eller får vesentlege kostnadsaukar, vil andre prosjekt i porteføljen kunne rykke fram i køen. Når Statens vegvesen har sett kostnadsauke i prosjektet E39 Storehaugen – Førde og vurderer om prosjektet kan bli endra for å få kostnadene ned att, er det altså heilt i tråd med systemet som blei utvikla i arbeidet med Meir for pengane til NTP 2022-2033. Da med Jon Georg Dahle frå FrP var statsråd, lagt fram for Stortinget av statsråd Knut Arild Hareide frå KrF og som blei lagt til grunn i NTP 2025-2036 av Ap/Sp-regjeringa der Erling Sande sjølv var statsråd. Det har altså vore brei politisk semje om ordningane vi har for porteføljestyring. Statens vegvesen har identifisert løysingar som vil redusere kostnadene, betre klima- og miljøavtrykket og redusere byggjetida for E39 Storehaugen – Førde. Etter mi vurdering ville det difor vore naturleg at Statens vegvesen hadde fullført planlegginga av alternativet som ser ut til å ha lågast kostnad og best samfunnsøkonomi. Eg merkar meg likevel Stortingets vedtak og vil følgje opp dette.

Hele overskriften fra Stortinget

Vil statsråden respektere det tydelege fleirtalsvedtaket i Stortinget frå 6.oktober 2026 om å legge eksisterande reguleringsplan til grunn for E 39 Storehaugen - Førde (Hafstadfjelltunnelen) og snarast gje Statens Vegvesen beskjed om å stoppe det påstarta arbeidet med alternativ tunneltrasè?

Kilde: Stortinget. Kort emnetittel: OverStortinget.