Ulvar Akselsen

Ulvar Akselsen

Arbeiderpartiet·Hordaland

Rangering

#0

av 157

0

Totalscore

0

Oppmøte

0%

Spørsmål

0

Taler

0

Forslag

0

Fra salen

3 nyeste med opptak

24. mar 2026· Innlegg

Møte tirsdag den 24. mars 2026 kl. 10

Medan eg står her på talarstolen, er det tusenvis av barn i norske klasserom som sit med ein klump i magen når skuledagen nærmar seg slutt. Det er barn som er redde for kva som ventar på dei heime. Dei veit ikkje om det blir ein god eller ein dårleg dag. Dei håpar så inderleg at det blir ein kveld med latter og familiekos, ikkje skriking og slag. I norske heimar er det tusenvis av menn og kvinner som håpar at det i kveld berre blir éin øl eller eitt glas vin. Det blir så ubehageleg viss ikkje. I verste fall kan det bli farleg. Dei orkar snart ikkje meir. Likevel blir dei verande. Når kvardagen består av redsel, blåmerke og tomme ølflasker, er det kanskje enkelt for oss som står utanfor, å seie at ein bør gå, men det er ikkje alltid så lett. Dei som er i denne situasjonen, sit kanskje og tenkjer på kva som skjer viss dei går, om dei har pengar til å ta vare på barna sine, eventuelt kor dei skal bu. Mange fryktar for si eiga sikkerheit. Det kan dukka opp spørsmål som: Vert eg drepen? Eller kva med barna mine, blir dei skadde? Det er desse utfordringane me må ta tak i fyrst. Når barn er redde for å gå heim, må me gje dei tryggleik. Me som samfunn må stille opp. Me må sørgje for at dei som ikkje veit kor dei skal gå, har ein plass å kome til, ein plass der dei blir møtt av varme og rause menneske, som endeleg gjev dei moglegheita til å slappe av. Det skal ikkje vere slik at redselen for ikkje å ha moglegheita til å betale for at barna dine kan gå på fotballtrening eller i barnebursdag skal stoppe deg frå å rømme frå ein kvardag full av vald. Når ein fyrst vel å forlate ein heim med vald, skal ein sleppe å frykte at valden skal følgje etter. Difor må ein fortsetje å auke bruken av omvend valdsalarm. For meg og resten av Arbeidarpartiet handlar debatten om førebygging av vald i nære relasjonar ikkje berre om kven som veit kva, men korleis me best mogleg kan hjelpe dei som treng det. Ein må synleggjere moglegheiter, tryggje dei som tryggjast skal, og møte dei valdsutsette på ein måte som er verdig og skånsam.

24. mar 2026· Innlegg

Møte tirsdag den 24. mars 2026 kl. 10

Barne- og ungdomskriminalitet er et tema som har fått større oppmerksomhet den siste tiden. Vi får beskjed om at kriminaliteten som blir begått, blir mer alvorlig, og at gjerningspersonene blir yngre. I valgkampen opplevde jeg at debatten om barne- og ungdomskriminalitet ble tett koblet opp til debatten om innvandring. Jeg satt en kveld sammen med en venn. Han var usikker på hva han skulle stemme, så han lurte på om jeg kunne forklare litt om de politiske forskjellene. Han sa at han tenkte at det var en god idé å redusere innvandringen, for han hadde blitt fortalt at det var ungdom med minoritetsbakgrunn som begikk mesteparten av kriminaliteten. Jeg utfordret ham på om han trodde at innvandrere har større sjanse for å bli kriminelle. Svaret hans var ganske enkelt nei. Vi hadde jo noen innvandrere i klassen vår, da vi vokste opp, og det var jo ingen av dem som var kriminelle. Hva tror du det handler om da? spurte jeg. Kanskje de ikke har noe annet valg, fikk jeg tilbake. Kanskje blir en lurt inn i et miljø som en i utgangspunktet ikke vil være i, fordi en kanskje ikke kan språket godt nok, eller fordi det er det eneste sosiale fellesskapet i nabolaget. Barne- og ungdomskriminalitet er ikke et spørsmål om hvor en kommer fra, eller hvilken hudfarge en har. Det er altfor ofte et spørsmål om sosial tilhørighet og hvilke muligheter til å lykkes som en ser. Dette handler om ungdommer som faller utenfor, ungdommer som ikke har et fellesskap, og ungdommer som har det vanskelig hjemme. Skal vi løse de utfordringene vi ser knyttet til barne- og ungdomskriminaliteten, er det mye vi må gjøre. Men det er én ting som er sikkert: Vi må alltid skape sterkere fellesskap og like muligheter for alle – aldri fremmedfrykt og rasisme.

9. des 2025· Innlegg

Møte tirsdag den 9. desember 2025 kl. 10

Det er spesielt å stå her på talarstolen i dag og skulle debattere endringar i menneskerettslova. For meg representerer desse endringane ikkje berre at me tek steget i ei retning som vil betre livet til mange, dei betyr tryggleik. Når me styrkjer rettane til menneske med nedsett funksjonsevne, styrkjer me rettane til mor mi. Då eg var seks år gamal, vart mor mi feiloperert i ryggen og lam frå livet og ned. Ho måtte lære seg å gå på ny, og det som mange ikkje tenkjer på som noko vanskeleg eller negativt, som f.eks. å gå i ei trapp eller mykje snø, vart no ei utfordring for meg og familien min. For ein gut på seks år var det ikkje lett å forstå kva som hadde skjedd med mamma. Eg forstod ikkje alvoret eller kor tungt dette kom til å bli for mamma, som no stod utanfor arbeid og det sosiale fellesskapet ein får på arbeidsplassen. Eg forstod og forstår framleis heller ikkje kor vanskeleg det må ha vore for mamma å sjå oss andre spele fotball på hytta eller gå på fjelltur utan at ho hadde moglegheita til å vere med sjølv. Det einaste eg forstod, var at mamma no trong hjelp til mykje ho tidlegare klarte sjølv. Eg sa innleiingsvis at denne endringa for meg betyr tryggleik. Det betyr at med denne lovendringa er det ikkje lenger mammas ansvar å finne løysingane på dei utfordringane som gjer at ho ikkje kan delta på lik linje i samfunnet som det eg kan. Det er ansvaret vårt. Dette handlar om meir enn berre meg og mor mi. Dette handlar om at brukarane på Sæbø gard og Podlen Verkstad på Stord kan vakne opp og føle seg trygge på at me skal halde fram med å leggje til rette for at dei kan gå på jobb og bidra til samfunnet, slik som eg kan. Dette handlar om at Sara Gooderham og dei andre deltakarane på ferieopphold for psykisk utviklingshemma på Bømlo Folkehøgskule kan føle seg trygge på at me skal halde fram med å leggje til rette for at også denne gruppa kan få gode, tilrettelagde feriar i trygge omgjevnadar. Sjølv om eg legg mykje vekt på den tryggleiken dette gjev dei med funksjonsvariasjon og oss som er pårørande, handlar det òg om verdigheit. Det handlar om at me som samfunn seier til dei som treng ekstra tilrettelegging, at dei er viktige, at dei er trygge, og at det er samfunnet si oppgåve å syte for at dei lever eit godt og verdig liv.

Innlegg i salen

3 innlegg · 2 møter

Vis →
  • 24. mar 202612:51· Innlegg

  • 24. mar 202611:08· Innlegg

  • 9. des 202511:01· Innlegg